Show simple item record

dc.contributor.advisorAndersen, Brittnb_NO
dc.contributor.authorSvelstad, Per Esbennb_NO
dc.date.accessioned2014-12-19T13:07:47Z
dc.date.available2014-12-19T13:07:47Z
dc.date.created2012-01-13nb_NO
dc.date.issued2011nb_NO
dc.identifier477406nb_NO
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/11250/243745
dc.description.abstractI denne oppgåva utforskar eg sambandet mellom lyrikarane Sapfo og Louise Labé. Utgangspunktet er at Labé blir samanlikna med «den lesbiske diktaren» heilt frå ho gjev ut si eiga diktsamling, Euvres, i 1555 og fram til moderne tid. Likevel er det gjort lite forsking på kor tett tilhøvet mellom dei eigentleg er. Er det rett å kalla Louise Labé «la nouvelle Sappho»? Har vi å gjera med litterær imitasjon, eller berre eit marknadsføringsgrep som stammar frå populariteten til den greske litteraturen i renessansen? I fyrste delen av oppgåva studerer eg samanhengen mellom forfattarliv og tekst. Eg viser at brorparten av resepsjonen til dei to poetane ukritisk føreset at diktsubjekta er identiske med forfattarane. I og med at desse to forfattarane er kvinner, har den historisk-biografiskelesemåten gjort at dei som personar vore rekna for umoralske, medan verket deira har vore nedvurdert og oversett. I tillegg har mangelen på biografiske opplysningar gjort at kvar epoke har skapt seg sine eigne bilete av forfattarane; særskilt Sapfo sirkulerer i mangfelte og til dels motstridande versjonar. Som ny lesemåte føreslår eg å leggja mindre vekt på dei skortande forfattarbiografiane, og heller granska kva som kjem til uttrykk i tekstene. Metoden eg nyttar, er å utforska kva for grep Sapfo og Labé nyttar for å opna tekstene sine for tolking. Eg baserer lesingane mine på Hélène Cixous’ teori om skriveverksemd som noko både avgrensande og frigjerande. Hypotesen min er at sambandet mellom Sapfo og Labé er basert på at Labé nyttar Sapfo som eit førelegg å skriva seg inn i tradisjonen etter, for å overvinna det Sandra Gilbert og Susan Gubar har kalla «angsten for forfattarskap» hjå kvinnelege diktarar. I den andre hovuddelen analyserer eg dei Sapfo-fragmenta som sirkulerte i den franske renessansen, i tillegg til to andre fragment eg meiner illustrerer den litterære teknikken til Sapfo. Dinest tek eg føre meg Louise Labé og renessansekulturen, og startar med å undersøkja korleis parateksta i Euvres – føreord og hyllingsdikt – etablerer henne som noko så uvanleg som ein kvinneleg forfattar og arvtakar etter Sapfo. Ved å analysera dei sonettane som ser ut til å henta inspirasjon frå Sapfo, viser eg at det nok er tale om ei form for imitasjon. Likevel påstår eg at Labé imiterer like mykje renessanseversjonen av Sapfo som tekstene hennar i seg sjølv. Båe poetane skildrar elskande subjekt som blir svikta av den dei elskar, men hjå Labé er gjenopplevinga av kjærleiken knytt til ein teoretisk refleksjon om korleis skriveverksemd fungerer som ein type minnearbeid. Både Labé og det lyriske subjektet hennar appellerer til ein kvinnefellesskap. Slik argumenterer eg for at sambandet mellom dei går ut på at Sapfo fungerer som eit litterært spegelbilete for Labé i just ein slik ideell fellesskap av intellektuelle kvinner, og at Labé med dette grepet legitimerer sin eigen forfattarskap.nb_NO
dc.languagenornb_NO
dc.publisherNorges teknisk-naturvitenskapelige universitet, Det humanistiske fakultet, Institutt for nordistikk og litteraturvitenskapnb_NO
dc.titleFrigjerande fragment: Ei lesing av Sapfo og Louise Labénb_NO
dc.typeMaster thesisnb_NO
dc.source.pagenumber111nb_NO
dc.contributor.departmentNorges teknisk-naturvitenskapelige universitet, Det humanistiske fakultet, Institutt for nordistikk og litteraturvitenskapnb_NO


Files in this item

Thumbnail
Thumbnail

This item appears in the following Collection(s)

Show simple item record