Vis enkel innførsel

dc.contributor.advisorBruland, Amund
dc.contributor.authorOfte, Audun Lillefosse
dc.date.accessioned2017-03-10T14:01:51Z
dc.date.available2017-03-10T14:01:51Z
dc.date.created2016-06-30
dc.date.issued2016
dc.identifierntnudaim:15126
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/11250/2433651
dc.description.abstractProduktiviteten i byggebransjen har lenge blitt diskutert og det er ei oppfatning at den har vore fallande i dei siste ti til femten åra. Ein har med andre ord store moglegheiter for å forbetre seg, men for å gjere dette kan det vera ein fordel med talfesta mål å gå ut i frå. For å gjere dette er det ynskjeleg å få utført målinga så nær produksjonen som mogleg. Prestasjonslønsystema ein nyttar i dag skal løne det arbeidarane bidreg med i produksjonen. Hensikta med denne oppgåva er å finne ut om ein kan seie noko om produktiviteten til prosjektet ut i frå lønssystemet ein nyttar, samt at ein ynskjer å utdjupe erfaringar med akkordlønssystemet i byggebransjen. Avgrensinga i oppgåva blir sett til å fokusere på korleis akkord og akkordtariffen fungerer og korleis dette heng i hop med produktivitet. Kontrakt og avtalegrunnlaga for akkordane blir ikkje studert. Problemstillinga for denne oppgåva er som fylgjande: Kan akkordlønssystem brukast for å finne ein indikator for produktivitet? For å svare på problemstillinga i denne oppgåva er det valt å gjere ei kvalitativ studie. Metodane som er nytta er litteraturstudium, samt intervju med nykelpersonar. Litteraturstudiet har sikta seg mot produktivitet, akkordlønssystem og korrelasjonen mellom desse. Funna i dette litteraturstudiet er prega av mykje gamal litteratur og lite spesifikk litteratur retta mot korrelasjonen mellom akkordlønssystem og produktivitet. Intervjua har difor vore den viktigaste kjelda til informasjon. Det blei gjennomført delvis strukturerte kvalitative intervju. Intervjuobjekta var representantar frå både byggverksemder og anleggsverksemder og det blei intervjua personar med ulike roller i bedriftene. Dei ulike rollene var bas, tillitsvalde, leiing, samt oppmålarar frå Fellesforbundet. Dette sikra informasjon frå dei mest sentrale sidene i akkordsamanheng. For å analysere informasjonen har det blitt nytta triangulering mellom dei ulike intervjua. Resultatet er skildra i tre område for kvar av bedriftene. Ein har sett på kva slags erfaringar dei har med akkorden og bruken av denne. Det er sett på korleis deira erfaringar med dagtid er. Erfaringane dei har i høve til produktivitet er også skildra. Når ein har tolka desse resultata kan ein konkludere med at det ikkje er mogleg å finne ein indikator på produktivitet ut i frå akkordlønssystemet pr. i dag. Dette på grunn av stor variasjon i korleis det blir nytta, samt at ein ikkje har offentleg tilgjengelige tal om dei kringliggande kostnadane i produksjonen. Dersom ein delar kostnadar for akkorden, dagtid og produksjonssystemet rundt akkordlaget på enten timar eller produsert mengde kunne ein funne ein produktivitetsindikator for arbeidskrafta, men dette blir ikkje gjort pr. i dag. Når det gjeld bruk at akkordtariffen i dag er dette relativt bra så lenge bedriftene forankrar lønssystemet og gjer det på ein slik måte at lønssystemet og produksjonen passar i hop. Bedriftene har stor moglegheit for å tilpasse akkordtariffen til å passe med produksjonen sin. Ein føresetnad for at akkordtariffen skal fungere er at både arbeidarane og leiinga fylgjer dei sju føresetnadane som er skildra i akkordtariffen. Dei største suksessfaktorane ved akkordarbeid var observert hjå dei som forankra akkorden som ein del av produksjonssystemet. Desse har nytta akkorden lenge og har det som primært system som både leiinga og arbeidarane er kjende med. Trimma bygging er også noko som bidreg positivt til ein akkord. Det er viktig å tenkje på serieproduksjon og produksjonslinjer i planlegginga av arbeidet. Dagtid er ein post som blir omtalt i stor grad i studien. Det er eit omdiskutert tema. Dagtid blir sett på som eit «sjukdomsteikn» i prosjekta dersom det kjem ut av kontroll. Det er ikkje all dagtid som er uproduktiv og dersom ein har kontroll og ein plan over den dagtida ein har, er det ikkje eit problem. Akkord er eit system som blir sett på som essensielt og viktig for byggebransjen. Alle intervjuobjekta meinte at dette systemet gjorde at ein blei meir produktive enn ved tidløn. Dette blei nemnt av både leiarar og arbeidarar. Ein har ein stor fordel av å få arbeidarane til å arbeide smart og effektivt, samt at arbeidarane sjølv har fokus på å effektivisere produksjonen. Ein stiller krav til leiinga og ein stiller krav til medarbeidarar sine. Sjølv om intervjuobjekta hadde ei formeining om at akkord var produktivt, var ikkje dette noko dei analyserte til vanleg i sine prosjekt. Det var ein del som analyserte kor god produksjonen deira var, men dei hadde ikkje faste tal på sin produktivitet. Produktivitet er eit begrep som er godt kjent, men definisjonen av det og korleis ein nyttar det er vag. Pr. i dag er det ikkje noko stort fokus på å dokumentere produktiviteten, sjølv om den generelle meininga var at ein må bli meir produktiv.
dc.languagenob
dc.publisherNTNU
dc.subjectBygg- og miljøteknikk, Anleggs- og produksjonsteknikk
dc.titleLønssystem og produktivitet i byggebransjen - Kan akkordlønssystem brukast for å finne ein indikator for produktivitet?
dc.typeMaster thesis


Tilhørende fil(er)

Thumbnail
Thumbnail
Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel