Show simple item record

dc.contributor.advisorTronvoll, Inger Marii
dc.contributor.advisorOfferdal, Audun
dc.contributor.authorKollbotn, Olina
dc.date.accessioned2017-01-30T12:34:44Z
dc.date.available2017-01-30T12:34:44Z
dc.date.issued2016
dc.identifier.isbn978-82-326-1923-8
dc.identifier.issn1503-8181
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/11250/2428900
dc.description.abstractSAMANDRAG Føremålet med studien er å få kunnskap om kva individuelle og organisatoriske vilkår som fremjar eller hemmar læring, kunnskapsutvikling og vidareføring av kunnskap på grasrotplan i offentlege tenesteytande organisasjonar som sosialkontor og sjukeheim. Studien er ein komparativ kvalitativ casestudie av sosialkontor og sjukeheim i to norske kommunar. Data er etablert på basis av djupneintervju, observasjon og uformelle samtaler over ein tidsperiode på til saman 12 veker. Dei er analysert og tolka i lys av læringsteoretiske perspektiv. Analysen presenterer to hovudkategoriar av praktikarar; reflekterte praktikarar og kvardagspraktikarar. Dei reflekterte praktikarane vert kategorisert i fem undergrupper; analytisk, relasjonell, praktisk-nettverksorientert, kritisk, og visjonær, basert på deira særeigne måtar å møte og løyse situasjonar. Felles for desse praktikarane er at dei ut frå styrken i sine ulike særtrekk og drivkrefter greier å skape og ta i bruk handlingsrom i sitt daglege arbeid. Dette representerer eit vilkår for å kunne lære utover det som i avhandlinga blir kalla “her-og-no ”. Funna viser at dersom dei reflekterte praktikarane sin “utover her-og-no ” kunnskap skal bli overført til organisasjonen, så trengst det eit ”mottaksapparat”, forstått som at kunnskapen blir lytta til, anerkjent, drøfta, og tatt i bruk på organisasjonsplan. Særskilt er leiarstøtte her viktig. Eit sentralt funn er at dei fleste praktikarane i liten grad artikulerer eigen kunnskap, med mindre nokon spør og er interessert. Den praktisk opparbeida kunnskapen blir, ut frå dette, stort sett verande taus. Funna viser også at god organisering av arbeidsprosessane, leiarar som er tilgjengelege og som forstår seg på faget, møtearenaer som gir rom for refleksjon, samt arbeidskulturar som verdset bruk av skjønn, bidreg som fremjande vilkår for læring og kunnskapsutvikling både individuelt og kollektivt. Omgrepa knytt til dei reflekterte praktikarane sine særtrekk og drivkrefter kan vere ei hjelp for organisasjonar å få auge på og forstå korleis ulike praktikarar har ulike styrkar i det å møte situasjonar, og at dei ut frå dette lærer ulikt. På same vis kan omgrepa ”kvardagspraktikar”, ”her-og-no” og ”utover her-og-no” vere nyttige for organisasjonar og grasrotmedarbeidarar for å setje eit kritisk blikk på eigen praksis. Omgrepa kan også bli utprøvd eller brukt som analytiske verktøy ved vidare forsking innan feltet. I Noreg er læringsperspektivet i relativt liten grad blitt brukt for å studere sosialt arbeid sine arbeidsfelt. I så måte representerer denne studien eit bidrag.nb_NO
dc.language.isonnonb_NO
dc.publisherNTNUnb_NO
dc.relation.ispartofseriesDoctoral theses at NTNU;2016:292
dc.titleHandlingsrom og læringsmuleghetar: Ein studie av vilkår for læring og kunnskapsutvikling ved sosialkontor og sjukeheimnb_NO
dc.typeDoctoral thesisnb_NO
dc.subject.nsiVDP::Social science: 200::Social work: 360nb_NO


Files in this item

Thumbnail

This item appears in the following Collection(s)

Show simple item record