Vis enkel innførsel

dc.contributor.advisorAberle, Jochennb_NO
dc.contributor.authorNatvik, Eirik Veenb_NO
dc.date.accessioned2014-12-19T12:33:02Z
dc.date.available2014-12-19T12:33:02Z
dc.date.created2014-08-28nb_NO
dc.date.issued2014nb_NO
dc.identifier741696nb_NO
dc.identifierntnudaim:11337nb_NO
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/11250/242466
dc.description.abstractFlomløpet til dam Vasslivatn i Hemne kommune i Sør-Trøndelag er eit lukka flomløp med overløpsterskel, sjakt, tunnel og utløp i nedstraums elv. Modellstudiar på flomløpet er tildegare blitt gjennomført i både master- og prosjektoppgåver, men spørsmål kring faktorar som påverknaden av nedstraums vasstand, luftinnblanding i sjakt og utforming av overgang sjakt tunnel og samlekanal mellom overløpsterskel og innløp sjakt har gjort det interessant med vidare forsking.Alle skalamodellar vert påverka av skalaeffektar. Skalaeffektane aukar med aukande målestokk, og varierer ettersom kva det er som vert modellert. Desse effektane kan til ein viss grad korrigerast, men det krev samanlikningsgrunnlag frå fleire ulike modellskalaforsøk i tillegg til prototype. Luftinnblanding er døme på ein faktor der effekten av skalaeffektane ikkje er godt nok kjent. Å måla effekten luftinnblandinga har på friksjonsforholda i sjakta er difor svært komplisert, og vanskeleg å gjennomføra på ein tilfredsstillande måte.Eit studie av gamle forsøksrapportar på liknande konstruksjonar syner at korrekt modellering av friksjon i sjakt og tunnel er den største usikkerheita i forsøka. Nye metodar og utvikling i måleutstyr gjer at tryggleiken i resultata har vorte betre med tida.Det finst lite forsking internasjonalt på lukka flomløp, men nokre samanliknbare element er funne.Det er eit avvik mellom ordlyden i forskrift og retningslinjer for kontroll av dimensjonerande flom i lukka avløpssystem. Det kan tenkjast at det finst andre kriterier som kan brukast for ein slik kontroll, særskilt for korte sjakter.Forsøk i modellen med utvida sjakt og tunnel syner at magasinvasstanden ikkje vert påverka av nivået på nedstraums vasstand, sjølv for QPMF. Systemet går med andre ord aldri fullt med denne utforminga.Forsøk med avrunda overgang mellom sjakt og tunnel syner ein stabiliserande effekt på strøymingsforholda i overgangen. Teoretisk skal det også gi ei lita auke i flomavleiingskapasiteten, i form av redusert trykkhøgde i sjakta, men dette kunne ikkje provast i modellforsøka.Utbetring av sålen i samlekanalen og innløpet til sjakta gjev ein stabiliserande effekt på strøymingssituasjonen i samlekanalen, men inga målbar kapasitetsauke. Den betra strøymingssituasjonen i samlekanalen gjev også ei lita betring i trykkforholda i sjakta, noko som stemmer med observasjonar frå liknande forsøk internasjonalt.På grunn av nokre ulikskapar i utforminga av innløpet til sjakta i modellen etter diverse endringar, kan ikkje resultata i rapporten brukast direkte. Overføringsverdien for resultata av endringane som er utført er likevel anteken som uendra.Alle målingar der magasinvasstanden blir påverka av undervatnet kan ikkje nyttast til andre enn kvalitative føremål. Grunnen til dette er at skaleffektar byrjar å gjera seg gjeldande i modellen når innløpet til sjakta tettar seg.Tiltaka som er undersøkt i dette arbeidet gjev liten til ingen betring i flomavleiingskapasiteten. For dokumentert, tilfredsstillande flomavleiing vert det difor tilrådd at både sjakt og tunnel vert utvida.nb_NO
dc.languagenobnb_NO
dc.publisherInstitutt for vann- og miljøteknikknb_NO
dc.titleDam Vasslivatn - Modellforsøk for undersøking av kapasiteten til flomløpetnb_NO
dc.title.alternativeDam Vasslivatn - Model Study to investigate the Capacity of the Spillwaynb_NO
dc.typeMaster thesisnb_NO
dc.source.pagenumber171nb_NO
dc.contributor.departmentNorges teknisk-naturvitenskapelige universitet, Fakultet for ingeniørvitenskap og teknologi, Institutt for vann- og miljøteknikknb_NO


Tilhørende fil(er)

Thumbnail
Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel