Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorAustbø, Vibeke Gjerset
dc.date.accessioned2016-11-15T14:08:35Z
dc.date.available2016-11-15T14:08:35Z
dc.date.issued2016
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/11250/2421059
dc.description.abstractBakgrunn Apotek er ein viktig arena for å fange opp og handtere legemiddelinteraksjonar. Vurdering og handtering av interaksjonar utgjer ein stor del av farmasøytane sin arbeidskvardag, og kan til tider vere svært krevjande å ta stilling til. Sjukehusapotek skil seg gjerne frå andre apotek med tanke på kundegruppe og kontakten dei har med rekvirentane på sjukehuset. Dette er faktorar som kan gjere arbeidet med interaksjonane enklare eller meir utfordrande. For at ein skal bli trygg på dei vurderingane og handteringane ein vel å gjere i apoteket er det viktig med kontinuerleg fokus på arbeidet med legemiddelinteraksjonar. Mål Mål for del 1: Beskrive førekomsten av interaksjonsvarslingar i pasientgruppa som hentar ut reseptmedisin ved sjukehusapoteket i Ålesund for å danne grunnlag for opplæring med kompetanseheving av farmasøytar innanfor interaksjonshandtering og -vurdering. Mål for del 2: Undersøkje farmasøytar sine erfaringar med arbeidet rundt vurdering og handtering av legemiddelinteraksjonar i publikumsavdelinga ved sjukehusapotek i MidtNoreg. Metode Del 1: Rapport over interaksjonsvarslingar blei tatt ut frå FarmaPro for perioden 25.11.2014 – 25.11.2015. Gjentakande interaksjonsvarslingar for same pasient blei ekskludert. Interaksjonsvarslingane blei deretter sortert basert på følgjande moment; liknande legemiddelgruppe/legemiddel, liknande interaksjonsmekanisme, liknande handtering og/eller vurdering, eigna for samtidig undervisning. Alvorsgrad, interaksjonsmekanisme, samt konsekvens av interaksjonane blei kort beskrive basert på informasjon frå interaksjonssøk i www.interaksjoner.no. Del 2: Fokuserte intervju med farmasøytar tilsett i publikumsavdelinga til sjukehusapotek i Midt-Noreg. 9 farmasøytar blei rekruttert til studien. Resultat og Konklusjon Del 1: 1574 interaksjonsvarslingar vart rapportert i FarmaPro perioden 25.11-2014 – 25.11.2015. Interaksjonsvarslingane var fordelt på 451 pasientar; 256 kvinner og 195 menn. Unike varslingar i samanslåtte interaksjonsgrupper forekom 11-60 gongar i løpet av perioden. Av dei 15 vanlegaste interaksjonsgruppene involverte 3 av desse kompleksbinding med kation som interaksjonsmekanisme, som er interaksjonar eigna til å handtere i apotek. Samanslåing av interaksjonar med liknande mekanisme og/eller konsekvens til større interaksjonsgrupper verkar hensiktsmessig med tanke på opplæring/kompetanseheving av farmasøytar. Svakheiter i interaksjonsvarslingssystemet bør òg inkluderast i opplæring og kompetanseheving av farmasøytar for best mogleg å kunne førebyggje uheldige legemiddelinteraksjonar. Del 2: Farmasøytene sine erfaringar er at interaksjonar i seg sjølv ikkje betegnast som eit stor problem, men at faktorar rundt interaksjonsarbeidet gjer arbeidet både utfordrande og tidkrevjande. Mangel på historikk på pasient, å informere pasientar om interaksjonar samt det å kontakte rekvirent er faktorar som gjer arbeidet utfordrande. Mangel på informasjon gjer interaksjonsarbeidet Farmasøytar på sjukehusapotek har generelt for lite historikk på pasient og ønskjer tilgang til fleire opplysningar om pasienten, om vurderingar gjort av rekvirent, samt vurderingar gjort av andre apotek. Ein del av utfordringa knytt til mangelen på informasjon om pasient kan løysast dersom farmasøytar i direktereseptur får tilgang til kjernejournal. Det er erfart både fordelar og ulemper med å jobbe i publikumsavdelinga på sjukehusapotek med tanke på arbeidet rundt interaksjonsvurdering og -handtering. Farmasøytar på sjukehusapotek har god kontakt med leger på sjukehuset og har grunna gunstige opningstider sjeldan problem med å få tak i rekvirent.nb_NO
dc.language.isonnonb_NO
dc.publisherNTNUnb_NO
dc.titleFørekomst og erfaringar med legemiddelinteraksjonar ved sjukehusapotek i Helse Midt-Norgenb_NO
dc.typeMaster thesisnb_NO
dc.subject.nsiVDP::Medical disciplines: 700nb_NO


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel