• norsk
    • English
  • English 
    • norsk
    • English
  • Login
View Item 
  •   Home
  • Fakultet for medisin og helsevitenskap (MH)
  • Institutt for klinisk og molekylær medisin
  • View Item
  •   Home
  • Fakultet for medisin og helsevitenskap (MH)
  • Institutt for klinisk og molekylær medisin
  • View Item
JavaScript is disabled for your browser. Some features of this site may not work without it.

Førekomst og erfaringar med legemiddelinteraksjonar ved sjukehusapotek i Helse Midt-Norge

Austbø, Vibeke Gjerset
Master thesis
View/Open
Masteroppgave Vibeke Gjerset Austbø Førekomst og erfaringer med legemiddelinteraksjonar.pdf (Locked)
URI
http://hdl.handle.net/11250/2421059
Date
2016
Metadata
Show full item record
Collections
  • Institutt for klinisk og molekylær medisin [2072]
Abstract
Bakgrunn

Apotek er ein viktig arena for å fange opp og handtere legemiddelinteraksjonar. Vurdering og handtering av interaksjonar utgjer ein stor del av farmasøytane sin arbeidskvardag, og kan til tider vere svært krevjande å ta stilling til. Sjukehusapotek skil seg gjerne frå andre apotek med tanke på kundegruppe og kontakten dei har med rekvirentane på sjukehuset. Dette er faktorar som kan gjere arbeidet med interaksjonane enklare eller meir utfordrande. For at ein skal bli trygg på dei vurderingane og handteringane ein vel å gjere i apoteket er det viktig med kontinuerleg fokus på arbeidet med legemiddelinteraksjonar.

Mål

Mål for del 1: Beskrive førekomsten av interaksjonsvarslingar i pasientgruppa som hentar ut reseptmedisin ved sjukehusapoteket i Ålesund for å danne grunnlag for opplæring med kompetanseheving av farmasøytar innanfor interaksjonshandtering og -vurdering.

Mål for del 2: Undersøkje farmasøytar sine erfaringar med arbeidet rundt vurdering og handtering av legemiddelinteraksjonar i publikumsavdelinga ved sjukehusapotek i MidtNoreg.

Metode

Del 1: Rapport over interaksjonsvarslingar blei tatt ut frå FarmaPro for perioden 25.11.2014 –

25.11.2015. Gjentakande interaksjonsvarslingar for same pasient blei ekskludert. Interaksjonsvarslingane blei deretter sortert basert på følgjande moment; liknande legemiddelgruppe/legemiddel, liknande interaksjonsmekanisme, liknande handtering og/eller vurdering, eigna for samtidig undervisning. Alvorsgrad, interaksjonsmekanisme, samt konsekvens av interaksjonane blei kort beskrive basert på informasjon frå interaksjonssøk i www.interaksjoner.no.

Del 2: Fokuserte intervju med farmasøytar tilsett i publikumsavdelinga til sjukehusapotek i Midt-Noreg. 9 farmasøytar blei rekruttert til studien.

Resultat og Konklusjon

Del 1: 1574 interaksjonsvarslingar vart rapportert i FarmaPro perioden 25.11-2014 – 25.11.2015. Interaksjonsvarslingane var fordelt på 451 pasientar; 256 kvinner og 195 menn.

Unike varslingar i samanslåtte interaksjonsgrupper forekom 11-60 gongar i løpet av perioden. Av dei 15 vanlegaste interaksjonsgruppene involverte 3 av desse kompleksbinding med kation som interaksjonsmekanisme, som er interaksjonar eigna til å handtere i apotek. Samanslåing av interaksjonar med liknande mekanisme og/eller konsekvens til større interaksjonsgrupper verkar hensiktsmessig med tanke på opplæring/kompetanseheving av farmasøytar. Svakheiter i interaksjonsvarslingssystemet bør òg inkluderast i opplæring og kompetanseheving av farmasøytar for best mogleg å kunne førebyggje uheldige legemiddelinteraksjonar.

Del 2: Farmasøytene sine erfaringar er at interaksjonar i seg sjølv ikkje betegnast som eit stor problem, men at faktorar rundt interaksjonsarbeidet gjer arbeidet både utfordrande og tidkrevjande. Mangel på historikk på pasient, å informere pasientar om interaksjonar samt det å kontakte rekvirent er faktorar som gjer arbeidet utfordrande.

Mangel på informasjon gjer interaksjonsarbeidet Farmasøytar på sjukehusapotek har generelt for lite historikk på pasient og ønskjer tilgang til fleire opplysningar om pasienten, om vurderingar gjort av rekvirent, samt vurderingar gjort av andre apotek. Ein del av utfordringa knytt til mangelen på informasjon om pasient kan løysast dersom farmasøytar i direktereseptur får tilgang til kjernejournal. Det er erfart både fordelar og ulemper med å jobbe i publikumsavdelinga på sjukehusapotek med tanke på arbeidet rundt

interaksjonsvurdering og -handtering. Farmasøytar på sjukehusapotek har god kontakt med leger på sjukehuset og har grunna gunstige opningstider sjeldan problem med å få tak i rekvirent.
Publisher
NTNU

Contact Us | Send Feedback

Privacy policy
DSpace software copyright © 2002-2019  DuraSpace

Service from  Unit
 

 

Browse

ArchiveCommunities & CollectionsBy Issue DateAuthorsTitlesSubjectsDocument TypesJournalsThis CollectionBy Issue DateAuthorsTitlesSubjectsDocument TypesJournals

My Account

Login

Statistics

View Usage Statistics

Contact Us | Send Feedback

Privacy policy
DSpace software copyright © 2002-2019  DuraSpace

Service from  Unit