Vis enkel innførsel

dc.contributor.advisorGlaser, Vibeke
dc.contributor.authorVatnehol, Anette Søvik
dc.date.accessioned2016-11-07T09:13:53Z
dc.date.available2016-11-07T09:13:53Z
dc.date.issued2016
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/11250/2419696
dc.description.abstractDette er ei masteroppgåve frå Norges Teknisk-Naturvitskapleg Universitet og Dronning Mauds Minne Høgskule i Trondheim. Hovudtemaet for denne oppgåva, og følgjande problemstilling er: Kva tankar har foreldre om eittåringar i barnehagen, og kva er det som blant anna påverkar deira tankar om eittåringen og barnehagen?» Etter retten til barnehageplass for barn over eitt år kom, har det vert ei kraftig auke av eitt- og toåringar i barnehagen. Samtidig med auking av eittåringar i barnehagen har det oppstått ein debatt om det er for eittåringens beste å begynne i barnehagen, eller om ein heller burde utsette barnehagestarten. Både nettaviser, fagfolk, sosiale mediar og andre nettsider viser til ulike artiklar og kronikkar med motstridande forsking og svar. Foreldre blir både rå ifrå til å la eittåringen begynne i barnhagen (Ulstein, 2013), mens andre fortel at det ikkje er nokke problem å la eittåringen begynne i barnehagen (Lofthus, 2014). I møte med motstridane artiklar og debattar på media blir eg undrande på kva foreldre tenkjer om eittåringar i barnehagen, og korleis dei let seg påverke av det som står i media. Formålet med denne studien er å få eit innblikk i tankar foreldre har rundt eittåringar i barnehagen, og kva dei tenkjer rundt temaet påverknad, med fokus på medias påverknad. For å få ein djupare forståing av korleis foreldre tenkjer om eittåringen i barnehagen har eg gjennomført ein kvalitativ studie der eg har intervjua fire mødre. Under intervjua har vi berørt områder som omsorg, viktige faktorar for ein eittåring, tankar om barnehagens rolle, og kva foreldre og barnehage kan tilby ein eittåring i forhold til kvarandre. Vi har vidare samtala om korleis dei lar seg påverke av oppvekst, vennar, sosiale settingar, og ulike media. Foreldra har også reflektert rundt korleis dei trur andre foreldre kan la seg påverke rundt det som møter dei i media, med tanke på debattane om dei yngste barna. Resultata viser at informantane er fornøgd med dagens barnehage. Samtlege var opptatt av barnehagens verdi rundt sosial utvikling, og at barnehagen kan tilby ein arena med eit godt pedagogisk innhald som gir barna ein god utvikling. Når det gjelder kva informantane er urolig for henhold til eittåringen i barnehagen, kjem det fram faktorar som stress, mangelfull kompetanse blant dei tilsette, uro for at barna ikkje får utvikla trygg tilknyting, samt bekymring over lange dagar. Studien viser også at visst faktorar som økonomi hadde vert uvesentleg, så hadde fleire valt å utsette barnehagestarten for å vere litt lengre heime saman med barna sine. Når det gjelder påverknad kan det verke som informantane har ein oppfatning av at det er foreldre som er usikre på seg sjølv som lar seg påverke mest av det som står i iv media, og av andre rundt seg. Informantane meiner at dei sjølv er meir aktive i prosessen om dei lar seg påverke eller ikkje. Det vises også til ein oppfatning blant informantane om at media kan hende har eit truverdigheitsproblem.nb_NO
dc.language.isonnonb_NO
dc.publisherNTNUnb_NO
dc.titleForeldres tvil og tru om eittåringen ibarnehagen : ein kvalitativ studie om foreldres tankar om eittåringen i barnehagennb_NO
dc.typeMaster thesisnb_NO
dc.subject.nsiVDP::Social science: 200nb_NO


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel