Vis enkel innførsel

dc.contributor.advisorMathisen, Hans Martin
dc.contributor.authorMelstveit, Ragni
dc.date.accessioned2016-09-20T14:01:38Z
dc.date.available2016-09-20T14:01:38Z
dc.date.created2016-06-13
dc.date.issued2016
dc.identifierntnudaim:15720
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/11250/2408901
dc.description.abstractBygningar står i dag for over 40 % av verdas energiforbruk, noko det er stort ynskje om å redusere. For å få det til, må ikkje berre dagens løysingar bli betre, men også nye alternativ vurderast. Som eit svar på dette vart forskingsprosjektet Naturligvis starta i 2015, med tanken om å utvikle nye strategiar for naturleg klimatisering av bygningar. I denne rapporten vert det i den samanheng sett på naturleg ventilasjon i kontorlandskap. Målet er å undersøkje om det er mogeleg å bruke naturleg ventilasjon ved utetemperaturar lågare enn 10 °C, med omsyn til komfort i opphaldssona. Det vart gjennomført målingar på lufthastigheit og temperatur, i eit kontorlandskap på 184 m2 i eit eldre bygg. Forsøket vart gjort med sjokklufting gjennom eit topphengsla vindauge. Det vart gjort berekningar på tilførte luftmengder. For å vurdere CO2-nivået vart det utført simuleringar i IDA ICE. Resultat frå målingane viste høge hastigheitar og låge temperaturar i opphaldssona. Krava til komfort frå NS-EN ISO 7730 vart ikkje tilfredsstilt. Berekningar viste at det vart mange misnøgde i rommet både på grunn av trekk, og på grunn av stor temperaturforskjell mellom ankel og hovud. Frå simuleringane vart det funne at krava til CO2-konsentrasjon i kontorlandskap kan oppfyllast med rett luftestrategi. Då kan det derimot oppstå problem med låge innetemperaturar. Konklusjonen var at det ikkje kan anbefalast å bruke sjokklufting med store vindauge, ved utetemperaturar lågare enn 5 °C. Det vil ikkje vere mogeleg å på same tid tilfredsstille dagens krav til termisk komfort, CO2-nivå og luftmengder.
dc.languagenob
dc.publisherNTNU
dc.subjectEnergibruk og energiplanlegging, Energibruk i bygninger
dc.titleNaturleg ventilasjon og komfort i kontorbygg
dc.typeMaster thesis
dc.source.pagenumber141


Tilhørende fil(er)

Thumbnail
Thumbnail
Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel