Show simple item record

dc.contributor.advisorÅfarli, Tor Anders
dc.contributor.authorSandbakk, Ingunn
dc.date.accessioned2016-09-01T07:20:15Z
dc.date.available2016-09-01T07:20:15Z
dc.date.issued2016
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/11250/2403280
dc.description.abstractHovudformålet med denne oppgåva er å utforske syntaktisk transfer med utgangspunkt i lokativ inversjon i engelsk. Setningar med tematiserte ledd i engelsk gir ein setningsstruktur med subjektet i andre posisjon, men i lokativ inversjon-konstruksjonen får ein subjekt-verb-inversjon og dermed verbet på andre plass. På denne måten får vi setningar som på overflata er lik dei vi har i V2-språk, og som dermed eignar seg godt til å utforske transfer frå engelsk morsmål til norsk målspråk. Med bakgrunn i denne likskapen blir det formulert ein hypotese om at det for innlærarar av norsk med engelsk som morsmål, er lettare å meistre V2 ved norske ekvivalentar til typiske lokative inversjonsstrukturar i engelsk. Denne hypotesen blir stadfesta gjennom resultat frå ein informanttest der N2-innlærarar med engelsk som morsmål viser større vanskar med V2 ved transitive og inergative verb enn ved lokative inversjonsstrukturar. Særskilt tydeleg er mønsteret hos dei to informantane som ikkje har kompetanse i andre språk, og som difor representerer direkte transfer frå engelsk til det norske målspråket. Vidare blir det lagt fram ein hypotese om at forskjellen som er funne i grad av V2 i lokative inversjonsverb og intransitive/transitive verb, skuldast ein form for syntaktisk transfer. I drøftinga av denne hypotesen blir den syntaktiske forskjellen mellom den engelske lokativ inversjon-konstruksjonen og norske deklarative hovudsetningar eit viktig poeng. Ergativ-analysen av deskriptiv V2, som vi her antek som analysestruktur for lokativ inversjon-fenomenet, har nemleg ikkje V2 som eit underliggjande syntaktisk trekk. V2 er berre noko vi kan observere på overflata i setningsstrukturen i lokative inversjonssetningar, og den skil seg slik frå norske deklarative hovudsetningar med eit analytisk V2-krav. Dette gir høve til å skilje mellom strukturane og såleis teste om informantane føretrekkjer den engelske eller den norske strukturen for dei norske ekvivalentane til lokativ inversjon. Informantane føretrekkjer verbflyttingsstrukturen for dei norske ekvivalentane til LI, og eg hevdar følgjeleg at forklaringa av overvekt av V2 ved lokative inversjonverb ligg i syntaktisk transfer ved hjelp av «leksikalske triggarar». I denne hypotesen ligg ein påstand om at dei lokative inversjonsverba triggar ein V2-struktur i det norske målspråket. På denne måten utløyser desse verba ein analytisk V2-struktur i målspråket, og innlærarane får høgare grad av V2 ved ergative verb enn i setningar med verb som ikkje tek lokativ inversjon.nb_NO
dc.language.isonnonb_NO
dc.publisherNTNUnb_NO
dc.subjectleksikalsk triggernb_NO
dc.subjectsyntaktisk transfernb_NO
dc.subjectgenerativ andrespråkssyntaksnb_NO
dc.subjectlokativ inversjonnb_NO
dc.titleSyntaktisk transfer av V2 frå engelsk til norsk? : ein generativ andrespråksstudie av lokativ inversjon-fenomenetnb_NO
dc.typeMaster thesisnb_NO
dc.subject.nsiVDP::Humanities: 000::Linguistics: 010::Nordic languages: 018nb_NO
dc.source.pagenumber75nb_NO


Files in this item

Thumbnail

This item appears in the following Collection(s)

Show simple item record