Show simple item record

dc.contributor.advisorBargel, Terje Harald
dc.contributor.authorGjørva, Marit Bakken
dc.date.accessioned2016-06-16T14:00:27Z
dc.date.available2016-06-16T14:00:27Z
dc.date.created2016-05-14
dc.date.issued2016
dc.identifierntnudaim:12457
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/11250/2392936
dc.description.abstractDet er ein tendens til at omfang av vassrelaterte skred er aukande i Noreg. Dette skyldast endringar i klima med meir nedbør og auka frekvens av ekstreme nedbørshendingar. Auka i omfanget av vassrelaterte skred kan også ha årsak i ein meir omfattande utnytting av utmarksområder i bratt terreng. Menneskelege inngrep kan ha innverknad på skredpotensiale ved å endre terskel for utløysing og frekvens av skred. Hensikta med denne masteroppgåva er å utvide den generelle kunnskapen om jord- og flomskred med vekt på korleis skogshogst og etablering av skogsbilvegar påverkar faren for skred. Dette er utført gjennom eit grundig litteraturstudium og feltstudier av to nyleg avskoga område, som baserar seg på feltundersøkingar, laboratorieanalysar og GIS-analysar. Gjennom teoretisk tilnærming av aktuell faglitteratur kan det konkluderast med at menneskelege inngrep som skogshogst og skogsbilvegar i stor grad kan endre det naturlege skråningsmiljøet og stabiliteten i lausmassedekket. I Høvringslia i Sel kommune, Oppland, gjekk det under pinseflommen i juni 2011 tre jord-/flomskred som stengte vegbana til E6. Årsaka til skreda var sterk snøsmelting i kombinasjon med kraftig nedbør. I løpet av sommaren og tidleg haust 2011 vart det så utført flatehogst i det bratte terrenget (> 30o) i Høvringslia. Uttak av skog og utviding av eksisterande skogsbilvegar i så bratt terreng er ugunstig med tanke på stabiliteten grunna auka vassinnhald i lausmassedekket, auka overflateavrenning, redusert rotstyrke og endra dreneringsforhold. Dei geologiske og geomorfologiske forholda ligg i utgangspunktet til rette for skredutløysing, og dei menneskelege inngrepa vil auke sannsynet for nye jord- og flomskred ved intense nedbørsperiodar og/eller snøsmelting. I dalsida på Horg i Melhus kommune, Sør-Trøndelag, vart det i 2013 utført etablering og utviding av skogsbilvegar samt skogshogst. Eit stort nettverk av skogsbilvegar og dreneringssystem i form av grøfter og stikkrenner pregar området. Fleire forhold omkring skogsbilvegane fører til kritisk reduksjon av stabiliteten i dalsida, med generell skråningsvinkel på mellom 10-45o. Dette er basert på underdimensjonerte stikkrenner og grøfter, mindre utglidingar frå bratte skjeringar som tettar stikkrenneinnløp og grøfter, erosjon i vegbana og køyrespor samt at vegane har endra dei naturlege hydrologiske forholda i dalsida. Tilleggsfaktorar som destabiliserer skråninga er berggrunnens fall parallelt med skråninga, høg siltfraksjon og ein pågåande nedbryting av rotstyrken i lausmassedekket. Ved kraftige nedbørshendingar kan desse forholda føra til at flomvatn tar nye vegar og eventuelt føre til erosjon og skredutløysing. I tillegg er det med omsyn til estimerte klimaendingar forventa ei auke i jordskredhyppigheit frå Trøndelag og nordover på grunn av større nedbørsmengde og nedbørsintensitet.
dc.languagenob
dc.publisherNTNU
dc.subjectGeologi, Miljø- og geoteknologi
dc.titleSamanhengen mellom skogsvegar, skogsdrift og skredfare - Ei studie av forhold i forbindelse med skogsvegutforming og flatehogst i hellande terreng som gir fare for jord- og flomskred ved Horg, Melhus kommune og Høvringslia, Sel kommune
dc.typeMaster thesis
dc.source.pagenumber203


Files in this item

Thumbnail
Thumbnail

This item appears in the following Collection(s)

Show simple item record