Vis enkel innførsel

dc.contributor.advisorLia, Leif
dc.contributor.advisorHiller, Priska Helene
dc.contributor.authorKjosavik, Fredrikke
dc.date.accessioned2016-03-14T15:01:52Z
dc.date.available2016-03-14T15:01:52Z
dc.date.created2015-12-20
dc.date.issued2015
dc.identifierntnudaim:14085
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/11250/2382223
dc.description.abstractSkråningsvern utført som plastring er ein særskild norsk byggemåte nytta for erosjonssikring av fyllingsdammar sidan 1950-talet. Nedstrøms skråning av ein fyllingsdam er normalt tørr, men kan i ulykkestilfelle verte utsett for gjennomstrømming eller overtopping. Internasjonalt er det mest vanleg med skråningsvern utført som rausa skråning, og det meste av forsking på skråningsvern er gjort for rausa skråning. Modellforsøk ved NTNU våren 2015 synte forskyvingar i storleiksorden 2d50 før plastringslaget kollapsa og føremålet med denne oppgåva er å skildre korleis forskyvingane oppstår og omfanget av desse. Under feltforsøk vart det bygd 3 m høge dammar med nedstrøms helling 1:1.5 og d50 = 0.37 m. Det vart bygd to forsøksdammar med skråningsvern utført som plastring med α = 60° og ein forsøksdam med skråningsvern utført som rausa skråning. For feltdammen med rausa skråningsvern var brotvassføring 0.5 m2/s og for feltdammane med plastra skråningsvern var brotvassføring 5.8m2/s og 7.8 m2/s. Modellforsøka vart bygde på tett underlag med helling 1:1.5 og skråningsvern av stein med d50 = 57 mm. Skalering av avstand, tid og vassføring vart gjort med det steinbaserte Froudetalet. Modelldammen bygd med rausa skråning gjekk til brot ved skalert belastning frå felt. Modelldammane bygde med plastra skråningsvern skalert frå felt tolte meir enn maksimal tilgjengeleg vassføring i laboratoriet, 490 l/s. Under feltforsøka vart det ikkje målt forskyvingar som var større enn måleusikkerheita. Forsøk med skråningsvern utført som rausa skråning vart belasta til brot og det er difor ikkje målt forskyvingar for desse forsøka. For modellforsøka med plastra skråning er det målt forskyving opp til 25 mm langs damaksen og frå -25 mm til +20 mm i planet ut av skråninga utan at det vart brot. Dei største forskyvingane er målte ved overgangen mellom krone og helling, medan nedover damhellinga er forskyvingane mindre. For å få brot under modellforsøka har det vore nødvendig å fjerne stein for hand og det er ikkje funne kor stor forskyving som er nødvendig for å få brot. Det er sannsynleg at forskyving oppstår ved at stein vert pakka tettare under belastning ettersom forsøks med høg plastringstettleik gav mindre forskyvingar enn forsøk med høg plasteingstettleik. Ved større damlengd på modellforsøk vil forskyvingane verte større og det kan vere enklare å skildre desse.
dc.languagenob
dc.publisherNTNU
dc.subjectBygg- og miljøteknikk, Vassdragsteknikk
dc.titlePlastring av fyllingsdammar - forskyvningar i damkrona
dc.typeMaster thesis
dc.source.pagenumber152


Tilhørende fil(er)

Thumbnail
Thumbnail
Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel