Vis enkel innførsel

dc.contributor.advisorSchomacker, Andersnb_NO
dc.contributor.advisorBrynjólfsson, Skaftinb_NO
dc.contributor.advisorTwumasi Duah Mensah, Albertnb_NO
dc.contributor.authorNatterøy, Ainanb_NO
dc.date.accessioned2014-12-19T11:56:00Z
dc.date.available2014-12-19T11:56:00Z
dc.date.created2013-04-15nb_NO
dc.date.issued2012nb_NO
dc.identifier616119nb_NO
dc.identifierntnudaim:7893nb_NO
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/11250/236130
dc.description.abstractFørst i denne oppgåva blir viktig teori om skråningsstabilitet gjennomgått. Teorien dannar grunnlaget for vurdering av faren for steinskred for ei tomt under Landåsfjellet i Bergen. Område er usedvanleg godt kartlagd og mykje informasjon er funne frå eksisterande rapportar, samt databasetenester og flyfoto. Ein kort felttur la grunnlaget for å lokalisere og vurdere potensielle kjeldeområde og skredmateriale. Eit viktig gjennombrot i vurderinga kom ved tilgang på LiDAR, som gjorde det mogleg å utarbeide detaljerte digitale terrengmodeller i ArcMap. Dette var særleg viktig, fordi topografi og hellinga dermed kunne studerast nøyaktig, lineament tolkast og strukturer observerast. Resultata frå forundersøkinga og GIS-analysen viser at skråninga for det meste består av talus med lauvskog, men at det i umiddelbar nærleik i nord finnes morene som er utsatt for jordskred/ flomskred. Konsekvensen for tomta ved ei slik hending er ikkje avklart. Skredmasser er registrert i store deler av skråninga, men i større omfang på tomta og under brattskrentane. I hovudsak er materialet av eldre dato, og kun ein plass vart nyleg nedraste blokker observert, i form av små og tynne plater med ubetydeleg utløpslengd. På grunn av redusert tilgang til øvste fjellkant, er det ikkje mogleg å avklare risikoen for uønska hendingar. Oppgåva konkluderer med at det på tomta er fare for steinsprang, men at sannsynet for større hendingar er uavklart. I skråninga finnes fleire lokale brattskrentar som steinar kan lausne frå, men flatare parti mellom desse vil i stor grad bremse opp steinane. Fordi lagdelinga er steil og parallelt skråninga, er stabilitetsproblemet til område toppling.For å kvantifisere steinsprangfaren, er steinsprang simulert i RocFall frå fleire lokalitetar langs tre profil i skråninga. Det er funne kor steinane fell til ro, samt maksimal energi og spranghøgd langs skredbanen. Faren er minimal i profil ein, fordi svært få steinar når tomta og dei som gjer det har ubetydeleg energi. Profil to og tre liknar på kvarandre, men energien til skredmaterial i profil 3 blir i større grad stoppa på grunn av eit stort, flatt parti midt i skråning og fordi nedste skråning er lang og slak. Faren for steinsprang er derfor størst frå øvste fjellkant i profil to. For å finne anbefalt sikring er energifordeling og vertikal spranghøgd analysert i fem punkt mellom husveggen og siste brattskrent. Dersom ein godtek at fem av 5000 steinar overstig sikringsdimensjonane og at største blokk er 2700 kg, må sikringa tåle treffenergi på 1050 kJ og ha ei høgd på 4 eller 5 m, litt avhengig av plasseringa. Tidlegare rapportar anbefaler fanggjerdet som sikringstype, og ingen grunn til å endre dette er funne.For å anslå usikkerheita i anbefalinga, er simuleringane køyrd både på profil med detaljert skråningsgeometri og profil med mindre nøyaktig skråningsgeometri. Resultatet viser at simuleringane er ømtolig for detaljnivået til skråningsgeometrien og val av underlag. Programmet tek heller ikkje omsyn til lauvtrea i skråning noko som fører til eit overestimert resultat, men ukjent kor mykje. Desse årsaka er grunnen til at RocFall-resultat ikkje må brukast som fasit. Resultata må i staden brukast som eit hjelpemiddel i lag med erfaringar frå liknande prosjekt.nb_NO
dc.languagenobnb_NO
dc.publisherInstitutt for geologi og bergteknikknb_NO
dc.titleVurdering av fare for steinskrednb_NO
dc.title.alternativeAssassment of Rock Slide Risknb_NO
dc.typeMaster thesisnb_NO
dc.source.pagenumber131nb_NO
dc.contributor.departmentNorges teknisk-naturvitenskapelige universitet, Fakultet for ingeniørvitenskap og teknologi, Institutt for geologi og bergteknikknb_NO


Tilhørende fil(er)

Thumbnail
Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel