Show simple item record

dc.contributor.authorFlø, Bjørn Egil
dc.date.accessioned2015-11-17T10:08:16Z
dc.date.available2015-11-17T10:08:16Z
dc.date.issued2015
dc.identifier.isbn978-82-326-0913-0
dc.identifier.issn1503-8181
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/11250/2360513
dc.description.abstractsamandrag: DENNE AVHANDLINGA drøfter framveksten av den nye bygda og dei nye brytningane i bygdene. Med utgangspunkt i omgrepet «kommodifisering» skildrar avhandlinga kva som skjer når stadig fleire ting vert gjort om til varer for konsum og korleis ein i fellesskap kan bidra til å forme den nye bygda. Avhandlinga gir eit bidrag til å forstå korleis grende- og bygdesamfunnet, som eit sosialt system, grip inn i den pågåande kommodifiseringsprosessen som skjer i bygdene våre om dagen. Den undersøkjer korleis normer, moral og tillit knyt seg opp til spørsmålet om forvaltinga av bygda og den stadeigne kulturen. Korleis kan ein styre kommodifiseringa til å finne ei form som dei fleste kan leve med? For å lykkast med det fordrar det at ein evnar å samarbeide, eller at me evnar «å leve saman som menneskjer», for å sitere den amerikanske sosiologen Richard Sennett. Avhandlinga er meint å utgjere ein monografi, sjølv om den er samansett av ulike sjølvstendige tekstar. Nokre av tekstane har vore publisert før, i same form som dei føreligg her, medan delar frå dei andre tekstane har vore publisert i omarbeida form. Den fyrste teksta «utanfor folkeskikken» vart publisert alt i 2006 i nynorsktidsskriftet Syn og Segn og representerer starten på den vendinga forfattaren sjølv tok som forskar etter å ha lese om si eiga heimbygd i eit featuremagasin på ein togtur. Resten av avhandlinga er direkte knytt til eit forskingsarbeid om elgjakta og «elgbygdene» som inngår i arbeidet med det strategiske instituttprogrammet «Skogs og fjellbygdene – mellom kommersialisering, marginalisering og vern» ved Norsk senter for bygdeforskning. Sentralt i avhandlinga ligg spørsmålet om korleis bygdene tilpassar seg kommodifiseringa og «den nye økonomien». Den drøftar det teoretiske grunnlaget den nye økonomien er tufta på og syner korleis jaktrettshavarane og dei «eigedomslause jegerane» i grendene forhandlar om elgjaktkulturen og utviklinga av elgjakt som næring i grendene. Sentrale funn i avhandlinga syner at kommodifiseringsprosessen er gjort til gjenstand for moralske og normmessige vurderingar i det sosiale bygderomet. Andlet-til-andlet relasjonar og det uformelle overvakings- og sanksjonssystemet, saman med det stadeigne kollektive normsystemet, regulerer kommersialiseringa av elgjakta og bidreg til at ein kan finne løysingar som sikrar at utviklinga av elgjakta og elgjaktkulturen ikkje tek større steg enn kva deltakarane kan akseptere. Avhandlinga skildrar korleis det sosiale, i all sin kompleksitet, grip inn i den praktiske forvaltinga av den stadeigne elgjaktkulturen. Og syner korleis dei uformelle institusjonane, normene og dei sosiale reglane, inngår i forminga av elgjaktkommersialiseringa. Men implisitt i tekstane ligg det også ei klar avgrensing. For alle tilfella forfattaren har studert utgjer tilfelle der grunneigarane, altså dei som set på jaktrettane, bur i grenda. Dei har budde der lenge og det synest som dei også tenkjer å halde fram med å bu dernb_NO
dc.description.abstractsummary: THIS DISSERTATION discusses the development of the new rural community and the new conflicts in the rural communities. With the term “commodification” as the point of departure, the author addresses the issue of what happens when more and more things are transformed into commodities for consumption and how the new rural community may be shaped and moulded by joint effort. The dissertation contributes to understanding how the rural community, as a social system, intervenes in the commodification processes going on in our rural areas today. The author explores how norms, morals and trust relate to the issue of management of the rural community and the local culture. How can the commodification be steered into a form that most people can live with? Succeeding in that requires the ability to cooperate or the ability to see “how humans can live together”, to quote the American sociologist Richard Sennett. The dissertation is meant to be read as a monograph, although it consists of different independent texts. Some of the texts have been previously published in the same form as they appear here, while parts of the other texts have been published in adapted forms. The first text, “Utanfor folkeskikken” (“Outside civilization”), was published already in 2006 in the Norwegian Nynorsk-language periodical Syn og Segn and represents the start of the direction that the author turned to as a sociologist after having read about his own home town in a feature magazine during a train ride. The rest of the dissertation relates to a research project on the traditional hunt for Eurasian elk (alces alces, also known as moose) and the “elk communities”. This research project is part of the strategic institute program “The forest and mountain communities – between commercialisation, marginalisation and conservation” at the Centre for Rural Research, Norway. A key issue in this dissertation is the issue of how the rural communities adapt to the commodification and the “new economy”. The author discusses the theoretical foundation for the new economy and explore how the owners of hunting rights and the “property-less hunters” negotiate the elk hunting culture and the development of the elk hunt as a business in the rural communities. Key conclusions in this dissertation show that the commodification process has been made the subject of moral and norm-related assessments in the rural social space. The author argues that face-to-face relationships and the informal monitoring and sanctions system, along with the local collective set of norms, regulate the commercialisation of the elk hunt, contributing to solutions for the elk hunt and the elk hunt culture not developing at a pace and into forms that the participants cannot accept. In the dissertation, the author describes how the social life, in all its complexity, intervenes in the practical management of the local elk hunt culture. The author also explores how the informal institutions, the norms and the social rules enter into the forming of the commercialisation of the elk hunt. But implicit in the texts is also a clear limitation, as the cases studied by the author all involve cases where the landowners, i.e. the owners of the hunting rights, live locally. They have been living there a long time and they also seem to intend to continue living locally.nb_NO
dc.language.isonnonb_NO
dc.publisherNTNUnb_NO
dc.relation.ispartofseriesDoctoral thesis at NTNU;2015:128
dc.titleBygda som vare - om bygda, elgen og folkeskikkennb_NO
dc.typeDoctoral thesisnb_NO


Files in this item

Thumbnail

This item appears in the following Collection(s)

Show simple item record