Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorSeljesæter, Sivnb_NO
dc.date.accessioned2014-12-19T11:54:11Z
dc.date.available2014-12-19T11:54:11Z
dc.date.created2011-02-22nb_NO
dc.date.issued2010nb_NO
dc.identifier399541nb_NO
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/11250/235897
dc.description.abstractInnfjorden ligg i Møre og Romsdal kommune. Bergartane i område har vore utsett for store trykk- og temperatur på kjenningar under danninga av den kaledonske fjellkjeden. Gjentatte istider har gravd utdalar og fjordar og danna det spesielle alpine landskapet med spisse tindar. I dalbotnen er det hovedsakleg morene-, glasifluviale-, fluviale- og fjellskredavsetningar. Eit område på omtrent 500meter er tydeleg deformert. Slike deformasjonsstrukturar er ofte sett i forbindelse med seismiskaktivitet i nærliggande område. Sidan Innfjorden ligg like ved Berillforkastninga, er det ikkje utenkeleg at deformasjonen kan komme av aktivitet langs denne. For å skille dei ulike avsetningane og for å undersøke deformasjonsstrukturane er det gjort fleire undersøkelsar som feltkartlegging, blokkbeskrivelsar, ”grid-by-number”- og grøfteundersøkelsar, kornstørrelsesmålingar, karbondatering og georadar. Ut frå undersøkelsane vert det antatt at det har gått minst tre skred frå samme kjeldeområde i Innfjorden. Den høge frekvensen av fjellskred kan vere forårsaka av den nærliggande Berillforkastninga. Sidan det ikkje er funne strukturar etter likvifisering som er vanleg for seismiskinduserte jordskjelv, er det antatt at deformasjonane kjem av slag frå fjellskred. I det deformerte område består sedimenta av fluvial sand og grus. Skredet har truffe dalbotnen med ei voldsom kraft og deformert elvesedimenta. Sannsynlegvis har nokre av blokkene blitt frakta oppå desse elvesedimenta som resultat av lubrikasjon, som er raskt aukande poretrykk i sedimenta på grunn av slag frå skredet. Slik kan ein ha fått eit område med ”Toma hills”, som er først beskrive ved Flims i Sveits. ”Toma hills” er avsetningar av fjellskred eit stykke vekke frå kjeldeområde som ikkje er samanhengande med øvrige skredavsetningar. Det deformerte område og blokkstrømmen som erfunne i forbindelse med det eldste skredet, minner om sedimenta som er beskrive frå Venje i Romsdalen. Her har det gått hyppige fjellskred som har deformert massane i dalbotnen og ført til eithaugete område i dalen. Sjølv om feltarbeidet i dalbotnen i Innfjorden, ikkje gav indikasjonar på jordskjelvaktivitet i område,er det sjanse for Berillforkastninga er seismisk indusert. For å få eit svar på dette trengs det grundigare undersøkelsar av sjølve strukturen ved Berill.nb_NO
dc.languagenornb_NO
dc.publisherNorges teknisk-naturvitenskapelige universitet, Fakultet for ingeniørvitenskap og teknologi, Institutt for geologi og bergteknikknb_NO
dc.titleDiskusjon av opprinnelsen til deformasjonsstrukturane i dalbotnsedimenta i Innfjordennb_NO
dc.typeMaster thesisnb_NO
dc.contributor.departmentNorges teknisk-naturvitenskapelige universitet, Fakultet for ingeniørvitenskap og teknologi, Institutt for geologi og bergteknikknb_NO


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel