Show simple item record

dc.contributor.authorSøtvik, Gina Ure
dc.date.accessioned2015-10-12T13:02:35Z
dc.date.available2015-10-12T13:02:35Z
dc.date.issued2015
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/11250/2354080
dc.description.abstractInkorporeringa av FN sin konvensjon om barn sine rettigheiter i Norsk lov fører til auka fokus på barn sin rett til å bli høyrt i barnevernsaker. I samband med dette vert barnevernet kritisert for ikkje å samtale med barn og for å ikkje gje barn reelle moglegheiter for deltaking når avgjersler som angår dei skal takast. Det har blitt stilt spørsmål om kor vidt barnevernsarbeidarar innehar naudsynt kompetanse i å utøve yrke sitt, utøve samtalar med barn eller ei. Denne studia peikar derfor på barnevernsarbeidarar sine eigne opplevingar av kompetanse i å samtale med barn. Med bakgrunn i dette har eg valt å belyse fyljande problemstilling: Korleis opplever profesjonelle eigen kompetanse i å samtale med barn? Korleis profesjonelle opplev eigen kompetanse er potensielt mange. Gjennom ei Q-metodologisk undersøking med 22 deltakarar, fann eg tre faktorsyn, eller perspektiv på opplevinga av kompetanse inn mot samtalar med barn. Desse faktorane har fleire likskapstrekk. Det som særleg vert framheva er synet deira på barn som aktør i eige liv og barnet som viktig informasjonskjelde. Samstundes skil faktorsyna seg frå kvarandre på andre områder, ved at kompetansen vert uttrykt ulikt. Mellom anna fremjar faktorsyn 1 tryggleik på sine gode kommunikasjonsferdigheiter, faktorsyn 2 verdset bruk av støtteverkty og ser seg sjølv og sin kompetanse i eit utviklingsperspektiv, medan faktorsyn 3 fremjar sin lidenskap for barnet samt refleksjon med andre inn mot sin kompetanse. Denne oppgåva peikar på korleis element som motivasjon og mestring, tryggleik og utfordring, tankar og kjensler kan ha konsekvensar for kompetansen her og no, men også i eit utviklingsperspektiv.nb_NO
dc.language.isonnonb_NO
dc.publisherNTNU
dc.subjectkompetansenb_NO
dc.subjectsamtaler med barnnb_NO
dc.title"Ein kan aldri vera heilt trygg..." : ei Q-metodologisk studie av profesjonelle sine opplevingar av eigen kompetanse inn mot samtaler med barnnb_NO
dc.typeMaster thesisnb_NO
dc.subject.nsiVDP::Social science: 200::Education: 280::Other disciplines within education: 289nb_NO
dc.source.pagenumber58nb_NO


Files in this item

Thumbnail

This item appears in the following Collection(s)

Show simple item record