Vis enkel innførsel

dc.contributor.advisorNilsen, Bjørn
dc.contributor.advisorHåland, Gunne
dc.contributor.authorHole, Lars Jørgen
dc.date.accessioned2015-10-05T14:56:19Z
dc.date.available2015-10-05T14:56:19Z
dc.date.created2015-05-15
dc.date.issued2015
dc.identifierntnudaim:10507
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/11250/2350383
dc.description.abstractFylkesveg 30 mellom Støren og Røros i Gauldalen er ei strekning der det dei siste åra har gått fleire større skred (Håland, 2015). I forbindelse med dette har Statens Vegevesen Region midt, fått i oppdrag frå Sør-Trøndelag fylkeskommune å kartlegge skredfaren på vegstrekninga. Ein av skredhendingane på strekninga skjedde den 13. mai 2013 ved området Svølgja, mellom Haltdalen og Ålen. Hendinga var ei utgliding av ca 400 m2 bergmasse frå ei ca 10 meter høg vegskjering. Vegskjeringa har ei svært ugunstig lagdeling, med sterkt etablert foliasjonsplan som heller ut mot vegen. Konsekvensar av hendinga var at vegen var stengd i over to veker utan moglegheit for lokal omkøyring. Som ein del av skredfarekartlegginga av Gauldalen skal denne masteroppgåva sjå nærmare på skredhendinga ved Svølgja. Målet med oppgåva er å utføre ei systematisk ingeniørgeologisk kartlegging av lokaliteten og vidare gjere ei vurdering og analyse av stabiliteten til vegskjeringa. Ein viktig del av oppgåva er å registrere og fastsette nødvendige inngangsparameter for stabilitetsanalysane ved felt- og laborartorieanalyser. Til å analysere stabiliteten for det kritiske partiet ved Svølgja blir det brukt likevektsanalyse og numerisk analyse. Likevektsanalysen utførast med partialfaktor-metoden og det blir utført både deterministisk og probabilistisk analyse. Det blir også utført sensitivitetsanalyse av inngangsparameterane for å vurdere påverknaden dei har på sikkerheitsfaktoren. Likevektsberekninga utført for lokaliteten viser at det mest kritiske partiet ved Svølgja har ein sikkerheitsfaktor lågare ein 1, som indikerer at vegskjeringa er ustabil. Den probabilistiske likevektsberekninga gir at det er eit 75 % sannsyn for at det ustabile partiet vil rase ut. Likevektsberekninga viser også at JRC er den inngangsparameteren som har størst påverknad på berekning av sikkerheitsfaktoren for skredhendinga. Den numeriske stabilitetsanalysen viser at området med størst total forflytting stemmer godt overeins med området som raste ut under skredhendinga i 2013. I tillegg viser den numeriske analysen at modellen har svært høg forflytting, som indikera at skjeringa er ustabil. Alle analyse som er gjort for vegskjeringa ved Svølgja indikera at det kritiske partiet er ustabilt. Dette viser at det ikkje var tilfeldig at skredhendinga i 2013 førekom. Vidare sikringstiltak for vegskjeringa bør derfor vurderast for å unngå nye skredhendingar. Resultata viser også at stabilitetsanalysane gir pålitelege resultat som samsvarar godt med dei verklege forholda for vegskjeringa. Metodane bør derfor vurderast for liknande lokalitetar for vurdering av stabilitet.
dc.languagenob
dc.publisherNTNU
dc.subjectGeologi, Ingeniørgeologi - berg
dc.titleAnalyse av ustabil vegskjering ved Svølgja, Fv 30
dc.typeMaster thesis
dc.source.pagenumber122


Tilhørende fil(er)

Thumbnail
Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel