Show simple item record

dc.contributor.advisorAasland, Knut Einar
dc.contributor.authorHove, Marit Haugan
dc.date.accessioned2015-10-05T14:52:48Z
dc.date.available2015-10-05T14:52:48Z
dc.date.created2015-06-09
dc.date.issued2015
dc.identifierntnudaim:13555
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/11250/2350219
dc.description.abstractMålet med denne oppgåva var å utvikle ein sykkel for born med redusert funksjonsevne i overkroppen. Ein stor del av arbeidet gjekk ut på å gå gjennom dei løysingane som tidligare har blitt valde for eit tilsvarande produkt som blir laga til vaksne, og vurdere om desse også kan brukast til born. Hovudfokuset i oppgåva var testing og vurdering av funksjonar, og testing med reelle brukarar. Testpersonane vart plukka ut basert på vurdering av aktuelle tilstandar og diagnosar som vart gjort i forprosjektet til denne masteroppgåva. Det vart då konkludert med at dysmeli og amputasjonsskadar var to liknande og svært aktuelle tilstandar for å få gjennomført testing med born. Dei valde testpersonane vart to jenter (begge fødd i 2003) som begge har underarmsdysmeli på éi side. Det vil seie at dei begge manglar nedste del av den eine armen, frå litt under olbogeleddet. Dei to jentene gjennomførte kvar sin sykkeltest, på ein sykkel tilpassa deira storleik. Skeno sine løysingar vart montert og tilpassa dei spesielt. Basert på resultat frå den fyrste testen vart det skissert nye løysingar for eit par av komponentane på sykkelen. Dei resterande løysingane fungerte som tiltenkt. Det blei til slutt sett opp ei oversikt over dei beste konsepta, som det blir anbefalt å gå vidare med. Ein må i ein kvar situasjon vurdere tilstanden til brukaren, og graden deira av funksjonsnedsetting, for å finne den ideelle komponentpakken for kvar enkelt brukar.
dc.languagenob
dc.publisherNTNU
dc.subjectProduktutvikling og produksjon, Produktutvikling
dc.titleUtvikling av tilleggsutstyr til sykkel for born med funksjonshemmingar
dc.typeMaster thesis
dc.source.pagenumber159


Files in this item

Thumbnail
Thumbnail

This item appears in the following Collection(s)

Show simple item record