Vis enkel innførsel

dc.contributor.advisorMork, Helge
dc.contributor.advisorNorem, Harald
dc.contributor.authorKvalsvik, Miriam Natalie Lande
dc.date.accessioned2015-10-05T14:47:40Z
dc.date.available2015-10-05T14:47:40Z
dc.date.created2015-06-08
dc.date.issued2015
dc.identifierntnudaim:13495
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/11250/2349916
dc.description.abstractLukka drenering på vegar utanfor tettbygde strøk har blitt meir og meir vanleg i Noreg på grunn av grunn av auka fokus på trafikksikkerheit. Samtidig er det ukjent korleis dei ulike løysingane for lukka drenering fungerer når dei blir flytta frå vegar i tettbygde strøk til vegar utanfor tettbygde strøk. Det finst ei avgrensa mengde litteratur om lukka drenering utanfor tettbygde strøk. Denne masteroppgåva samlar difor inn erfaringar for å få meir kunnskap om lukka drenering. Masteroppgåva er skrive i samarbeid med Statens vegvesen. Masteroppgåva byggjer vidare på eit forprosjekt med tilsvarande tema frå hausten 2014. I arbeid med oppgåva er det gjennomført synfaring på 7 ulike vegstrekningar i to ulike klimasonar. I samband med synfaring er det gjennomført intervju med fagfolk frå Statens vegvesen. For å studere nokre av erfaringane nærmare er det gjennomført ei enkel analyse av kapasiteten til nokre ulike drenselement. I tillegg er detalj - og kvalitetsgrad til ulike dreneringsplanar undersøkt. I analysen vart kapasiteten til drenssystemet for 2 ulike delstrekningar berekna. Datagrunnlag for analysen vart samla inn for dei aktuelle kommunane og Statens vegvesen. Denne informasjonen blei så behandla i Novapoint 19.20 og AutoCAD 13 og 15, i tillegg til nokre manuelle utrekningar. Rekneprogram frå rørprodusentane Pipelife og Basal har også blitt brukt. Novapoint 19.20 og AutoCAD 13 og 15 har også blitt nytta for å illustrere ulike moglege løysingar som har kome fram som eit resultat av ulike erfaringar. Resultatet frå analysen viste at for delstrekning 1 hadde minst eit drenselement for utilstrekkeleg kapasitet ved 16 av 21 nedbørsfelt. På delstrekning 2 hadde drenselement 20 av 40 nedbørsfelt utilstrekkeleg kapasitet. Drenselementet utan tilstrekkeleg kapasitet vil fungere som ein «flaskehals» og dreneringsystemet klarer ikkje å ta unna avrenning. Det gjer at ein kan få problem som til dømes erosjon, iskjøving og i verste fall brot på vegen. Under synfaring kunne ein sjå døme på erosjon og iskjøving. Det var problem som gjekk igjen i større eller mindre grad fleire stadar. Under synfaring kunne ein fleire stadar sjå at stikkrenner hadde for liten kapasitet. Resultat frå synfaring viste også fleire tilfelle der rister til innløp og innløp hadde for liten hydraulisk kapasitet. Det vart også stadfesta gjennom utrekningar i analysen. Det er difor foreslått å auke kapasiteten til desse drenselementa. Det er i tillegg foreslått utforming av innløp med tilhøyrande rist. Frå synfaring kunne ein erfare at avskjerande grøfter hadde stor effekt mot iskjøving og erosjon i tillegg til at det avlastar resten av drensanlegget. Under synfaring og intervju kom det fram at fordrøyningsbasseng kan avlaste resten av drensanalegget og at det er gode erfaringar med dette. Ved å ha løysingar som avlastar drensanlegget i områder med mykje overvatn kan ein tillate eit drensanlegg med mindre dimensjonar. Det viktigaste ein kan trekkje får denne oppgåva er:  Ein må søke å oppretthalde dei naturlege drensvegane i størst mogleg grad og tilpasse dreneringsanlegg etter lokale forhold.  Handbøkene bør ha samstemte anbefalingar for utforming av drensanlegg. Desse kan gjerne utformast som anbefalingar for minste tverrsnitt.  For å sikre tilstrekkeleg kapasitet kan det vere naudsynt å gjennomføre ei analyse av kapasiteten til ulike dreneringselement ved planlegging av dreneringsanlegg.  Statens vegvesen bør truleg stille større krav til at kvalitet og detaljkrav er oppfylt før ein plan blir godkjent. Ved vidare arbeid hadde det vore spennande å teste nokre av løysingane som er foreslått i fullskala. I samband med dette kunne ein gjennomført eventuelle undersøkingar som er naudsynte for å gjere eventuelle endringar i handbøker frå Statens vegvesen. Det hadde også vore interessant å studere ulike drensplanar, spesielt på byggeplannivå, som ikkje er «som - bygd» plan, og samanlikna dei med korleis verkeleg utforming er.
dc.languagenob
dc.publisherNTNU
dc.subjectBygg- og miljøteknikk, Veg
dc.titleErfaringar med lukka dreneringsanlegg for vegar utanfor tettbygde strøk
dc.typeMaster thesis
dc.source.pagenumber268


Tilhørende fil(er)

Thumbnail
Thumbnail
Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel