Show simple item record

dc.contributor.advisorThue, Jan Vincentnb_NO
dc.contributor.advisorAlmås, Anders-Johannb_NO
dc.contributor.authorOverøye, Cecilie Schmidtnb_NO
dc.date.accessioned2014-12-19T11:28:30Z
dc.date.available2014-12-19T11:28:30Z
dc.date.created2012-11-08nb_NO
dc.date.issued2012nb_NO
dc.identifier565985nb_NO
dc.identifierntnudaim:7236nb_NO
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/11250/232075
dc.description.abstractBerekraftig utvikling er ei utvikling som imøtekjem dagens behov og samtidig legg til rette for komande generasjonar. Eit viktig satsingsområde for å oppnå dette er å redusere energiforbruket. Bygg står for om lag 40 % av det totale energiforbruket i Noreg og har eit stort potensial for å bli meir energieffektive. Kommunal-og regionaldepartementet (2009) har uttalt at omlag 80 % av dagens bygg vil framleis stå i 2050. Det er her det verkelege potensialet for energisparing ligg. Eit konsept for energieffektive bygg er passivbygg, som har eit lågt energibehov oppnådd gjennom passive tiltak som eksempelvis ein godt isolert bygningskropp og gjenvinning av varme frå ventilasjonslufta. Det mest ambisiøse energinivået for bygg er plusshus. Nett som passivbygg, har plusshus eit lågt energibehov, men produserer i tillegg meir energi enn det brukar. Plusshus kan definerast ut ifrå driftsfasa eller heile levetida til bygget, då eigenprodusert energi skal dekkje både energibehov for drift og bunden energi. Det er òg ulike meiningar om eigenprodusert energi skal dekkje energiforbruk relatert til teknisk utstyr, som heis, IT og kjøkken. Denne masteroppgåva greier ut om plusshus og utfordringar ein står overfor ved berekraftig oppgradering av eit kontorbygg til plusshus. I oppgåva er det tatt utgangspunkt i Kjørboparken 1, blokk 5, som er eit kontorbygg i Sandvika oppført i 1980. For å finne aktuelle tiltak for oppgradering er det gjennomført vurdering av tilstanden til bygget og energisimulering. Bygningen har per i dag eit energiforbruk på om lag 250 kWh/m2 per år. Varmetapstala for vindauge, ventilasjon, infiltrasjon og kuldebruer er høge. Energiforsyning til bygget består av fjernvarme, fjernkjøling og elektrisitet. Det er utarbeida to plusshuskonsept for bygget, der plusshus er definert ut ifrå eit levetidsperspektiv og følgjeleg er energi til både drift og bunden energi tatt omsyn til. Energiforbruk til drift av teknisk utstyr er ikkje medrekna. Hovudtiltaka i konsept 1 er etterisolering av tak og yttervegg, utskifting av vindauge, ventilasjonsanlegg og belysning, samt installasjon av varmepumpe, persienner og solcellepanel. Tiltak i samband med tekniske installasjonar og energiforsyning er likt for begge konsepta. Hovudtiltaka for konsept 2 er etterisolering av tak (100 mm meir enn konsept 1), golv på grunn og vegg under terreng, ny yttervegg, utskifting av vindauge og installasjon av persienner og solcellepanel på tak. Solcellepanela for dei to konsepta er ulike. Konsept 1 tilfredsstiller ikkje alle minstekrav i pr NS 3701 for bygningskomponentar, men vil bli plusshus ved installasjon av solcellepanel på taket til både bygningen og felles parkeringshus for Kjørboparken 1 og 2. Dette konseptet «brukar opp» takarealet på parkeringshuset og øydelegg moglegheitene for dei andre blokkene på Kjørbo til å bli plusshus ved gjennomføring av tilsvarande tiltak. Konsept 2 har solcellepanel installert på eige tak, og er eit 38 + hus. Talet 38 står for eit overskot av produsert energi på 38 000 kWh per år når drift av bygget er dekt. Konsept 2 oppfyller alle minstekrava i pr NS 3701, både for bygningskomponentar og energibehov. Energieffektiv energikjelde har stor innverknad på behovet for levert energi, som vart skildra ved å samanlikne konsept 1 og 2. Ut frå dette, samt økonomiske betraktningar, vart det anbefalt eit tredje konsept. Konseptet er stort sett basert på tiltak frå konsept 1, men nyttar vindauge og solcellepanel som i konsept 2. Konsept 3 er eit 37 + hus, sjølv om ikkje alle minstekrav for bygningskomponentar i pr NS 3701 er tilfredsstilt. For samanlikning av nødvendig installert solcelleareal er det tatt utgangspunkt i solcellepanela for konsept 2 og 3. Konsept 1 har størst energibehov av dei tre konsepta, men lågast investeringskostnad. Skilnaden mellom netto spesifikt energibehov for konsept 2 og 3 er 1,9 kWh/m2 per år, medan skilnaden mellom behovet for levert energi er berre 0,5 kWh/m2 per år. Investeringskostnaden for konsept 3 er 12 040 000 kr, som er 1 840 000 kr mindre enn for konsept 2. Nokon av hovudutfordringane med oppgradering til plusshus kan vere å tilfredsstille minstekrav i passivhusstandarden, viss dette er eit tilleggskriterium som skal vere oppfylt. For nokre bygningar kan det vere teknisk vanskeleg å oppfylle minstekrav, for eksempel U-verdi for vegg grunna verneomsyn og/eller plassrestriksjonar. I andre tilfelle kan det vere teknisk mogleg, men ikkje økonomisk forsvarleg. Ei anna utfordring ved oppgradering til plusshus er å ha tilstrekkeleg areal til å installere solceller. Det anbefalast å ikkje ha einsidig fokus på å oppnå alle minstekrava i passivhusstandarden. Det bør heller fokuserast på kompenserande tiltak som sørgjer for eit lågt behov for levert energi. Tiltak som minimerer oppvarmings- og kjølebehovet, og energieffektivt ventilasjonsanlegg og belysning er viktig. Energioppfølgingssystem og synleggjering av energiforbruket for brukarane av bygget kan òg bidra mykje til å redusere energiforbruket. Vidare anbefalast det at forskriftskrav og andre samanlikningsverkty skal basere seg på primærenergi. Det er primærenergi som gir «rett bilete» av totalt energiforbruk. Dette vil også forhindre at nokre energikjelder blir favorisert på feil grunnlag i forhold til andre energikjelder, t.d. varmepumpe og fjernvarme.nb_NO
dc.languagenornb_NO
dc.publisherInstitutt for bygg, anlegg og transportnb_NO
dc.subjectntnudaim:7236no_NO
dc.subjectMTBYGG Bygg- og miljøteknikkno_NO
dc.subjectBygnings- og materialteknikkno_NO
dc.titleOppgradering av kontorbygg til plusshus: - Caseanalyse av Kjørbonb_NO
dc.title.alternativeUpgrading of Office Buildings to Plus House - Case Analysis of Kjørbonb_NO
dc.typeMaster thesisnb_NO
dc.source.pagenumber194nb_NO
dc.contributor.departmentNorges teknisk-naturvitenskapelige universitet, Fakultet for ingeniørvitenskap og teknologi, Institutt for bygg, anlegg og transportnb_NO


Files in this item

Thumbnail
Thumbnail

This item appears in the following Collection(s)

Show simple item record