Vis enkel innførsel

dc.contributor.advisorMehus, Ingar
dc.contributor.authorTveit, Kristine
dc.date.accessioned2023-07-15T17:22:04Z
dc.date.available2023-07-15T17:22:04Z
dc.date.issued2023
dc.identifierno.ntnu:inspera:138967658:50658208
dc.identifier.urihttps://hdl.handle.net/11250/3079470
dc.description.abstractDenne masteroppgåva undersøker opplevingar av motivasjon og press hos idrettsfaglærarar. Med teoretisk utgangspunkt i sjølvbestemmingsteorien (SDT; Deci & Ryan, 2017) vart motivasjon undersøkt med fokus på tilfredsstilling av grunnleggjande psykologiske behov (BPNT) og organisk integrasjon (OIT). I tillegg vart opplevingar av press frå ulike hald undersøkt med utgangspunkt i press ovanfrå, nedanfrå og innanfrå (Pelleteier et al., 2002; Reeve, 2009). Problemstillinga var derfor "Korleis opplever idrettsfaglærarar sjølvbestemt motivasjon, og i kva grad opplever lærarane press i arbeidskvardagen?" Studien er basert på eit kvalitativt forskingsdesign, og ti djupneintervju vart gjennomført. Utvalet i studien består av idrettsfaglærarar frå åtte ulike skular med ei spreiing i alder, erfaring og kjønn. Datamaterialet frå intervjua vart analysert med utgangspunkt i ein tematisk analyse, og fire tema vart utvikla. Funna i studien tyder på at lærarane på idrettsfag meistrar jobben, opplever fellesskap på skulen og autonomi i kvardagen. Lærarane opplevde auka meistring og kompetanse ved at elevane lukkast og utvikla seg. Elevane var avgjerande for motivasjonen til alle lærarane, men for stort elevtal var utfordrande med omsyn til oppfølging og tilbakemeldingar. Alle lærarane opplevde gode relasjonar til elevane og kollegaane, noko som var avgjerande for eigen motivasjon og opplevinga av tilhøyrsle. Lærarane hadde ulike forhold til leiinga ved skulen. Medan nokre lærarar opplevde mykje støtte og eit godt forhold til leiinga, opplevde andre lærarar at leiinga ikkje gav nok merksemd og anerkjenning. Fleire lærarar framheva betydninga av tillit og opplevde autonomi ved å få tillit frå leiinga i planlegging og gjennomføring av undervisning. Variasjon tydeleggjer eit skilje mellom toppidrettslærarane og dei andre lærarane i studien. Ingen av toppidrettslærarane nemnde variasjon, men alle dei andre lærarane framheva betydning av ein variert arbeidsdag. Å variere undervisninga og arbeidsdagen fremja opplevinga av autonomi, men økonomiske avgrensingar hindra tidvis gjennomføring av ulike aktivitetar og turar. Samla sett tyder funna på at lærarane i studien opplever sjølvbestemt motivasjon gjennom tilfredsstilling av grunnleggjande psykologiske behov. I tillegg tyder funna på at motivasjonen til idrettsfaglærarane er sjølvbestemt med omsyn til at alle lærarane i studien hadde studert kroppsøving og/eller idrettsfag, og uttrykte ei betydeleg idrettsglede og idrettsinteresse. Funna i studien tyder på at dei fleste lærarane opplever noko press i arbeidskvardagen. Fleire lærarar opplevde press innanfrå ved å ha høge forventningar til seg sjølv og undervisninga, og opplevde eit sjølvpålagt press. Nokre lærarar opplevde tidvis passive, uengasjerte og umotiverte elevar i undervisninga, noko som tyder på at lærarane opplevde press nedanfrå. I tillegg opplevde nokre lærarar press ovanfrå ved å bli pålagt ulike oppgåver, oppfordra om å få vurderingsgrunnlag på alle elevane eller hyppige spørsmål om å ta vikartimar og anna ekstraarbeid. Følgeleg opplevde lærarane til ei viss grad press frå ulike hald. Funna tyder på at lærarar i ulike aldrarar og med ulik lærarerfaring opplever noko press i lærararbeidet. Samla sett gav lærarane likevel uttrykk for å oppleve lite press i arbeidskvardagen.
dc.description.abstractThis master' thesis investigates experiences of motivation and pressure among sports teachers. With a theoretical basis in Self-determination theory (SDT; Deci & Ryan, 2017), motivation was examined focusing on the satisfaction of basic psychological needs (BPNT) and organismic integration (OIT). In addition, experiences of pressure from above, below and within were examined (Pelleteier et al., 2002; Reeve, 2009). The research question was therefore "How do sports teachers experience self-determined motivation, and to what extent do teachers experience pressure in their work?" The study was based on a qualitative research design, and ten in-depth interviews were conducted. The study population consisted of sports teachers from eight different schools, differing in age, work experience and gender. The data material from the interviews was analyzed based on a thematic analysis, and four themes were developed. The findings in the study indicate that the teachers master their job, experience a sense of belonging at school and autonomy in their work. The teachers experienced increased proficiency and competence as the pupils developed and succeeded. The pupils were vital for the teachers` motivation, however the large number of pupils were challenging in regard to follow-up and feedback. All of the teachers experienced good relations with the pupils and colleagues, which was crucial for their own motivation and experience of belonging. The teachers had different relations to the school management. While some teachers experienced support and an overall good cooperation, others reported lack of recognition and attention. Several teachers emphasized the importance of trust, and experienced autonomy by gaining trust from management to plan and carry out lectures. Variation clarifies a distinction between the top sports teachers and the other teachers in the study. None of the top sports teachers mentioned variety, while all of the remaining teachers emphasized the importance of a varied workday. Varying the teaching and workday encouraged the experience of autonomy, however, financial limitations could inhibit the execution of educational activities and trips. Overall, the findings suggest that the study subjects experience autonomous motivation through satisfaction of basic psychological needs. In addition, the findings suggest that the motivation of the sports teachers is autonomous, considering that all the teachers in the study had studied physical education and/or sports, and expressed a significant enjoyment and interest in sports. The findings in the study indicate that most teachers experience some pressure in their workdays. Several teachers experienced pressure from within by having high expectations for themselves and their teaching, as well as self-imposed pressure. Some teachers occasionally experienced passive, unengaged and unmotivated pupils in teaching, suggesting pressure from below. In addition, some teachers experienced pressure from above by being assigned various tasks, requests to get assessment basis for all pupils, or frequent questions about substitute hours or other extra work. Consequently, the teachers experienced pressure from various angels to a certain extent. The findings indicate that teachers of different ages and with different teaching experience, experience some pressure in their teaching work. Overall, the teachers expressed that they experience little pressure in their work.
dc.languagenno
dc.publisherNTNU
dc.titleMotivasjon hos idrettsfaglærarar
dc.typeMaster thesis


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel