Show simple item record

dc.contributor.advisorNormann, Anita
dc.contributor.authorSegredo Benincasa, Gabriela
dc.date.accessioned2023-07-11T17:32:44Z
dc.date.available2023-07-11T17:32:44Z
dc.date.issued2021
dc.identifierno.ntnu:inspera:76470736:14864806
dc.identifier.urihttps://hdl.handle.net/11250/3078191
dc.descriptionFull text not available
dc.description.abstractDenne studien undersøkte elevane si oppfatning av fordelane og utfordringane ved laging av studentproduserte videoar som læringsverktøy i etterkant av tre korte videoprosjekt. Deltakarane var 37 elevar frå tre ulike spanskgrupper på nivå 2 på vg2-trinnet ved ein skule i Møre og Romsdal i 2020. Fokuset var på elevvideoar som produktiv aktivitet ikkje på bruk av video i klasserommet som mottakeleg aktivitet. Dette var ein fenomenologisk studie der dataa som blei samla inn for det meste var kvalitative, men det var også nokre kvantitative data. Datainnsamlinga besto av undersøkingar, semistrukturerte intervju og refleksjonsloggar. Elevvideoar har blitt populære i det norske klasserommet. Teknologien har bidrege til dette fenomenet. Sidan 2018 er det nye reglar som regulerer personleg tryggleik og lokale retningslinjer som må følgast når ein arbeider med videoar. I denne samanhengen har elevane blitt meir kritiske enn tidlegare generasjonar når det gjeld personleg tryggleik. Nye læringsplattformer er tekne i bruk av skulane for å overhalde dei nye reglane. Microsoft Teams og OneNote er dei digitale læringsplattformene som blir nytta av skulen der denne studien blei utført for å gi lærarar og elevar ein privat digital arena der undervisnings- og læringsprosessane kan finne stad utan å kompromittere tryggleiken til elevane sin personlege informasjon. Denne studien er forma med tanke på elevane sine meiningar, det nye landskapet som produseres av tankesettendringen, dei nye reglane og reglane diktert av det norske parlamentet (GDPR) og dei interne reglane til organisasjonen diktert av skuleeigar i samsvar med gjeldande normativ. Som eit resultat av dette søkte denne studien å forklare fordelane og utfordringane ved prosessen rundt laging av elevvideoar i framandspråksklasserommet og også oppfatninga til dei same elevane rundt dette. Dette er ein studie av elevproduserte videoar frå eit fenomenologisk perspektiv. Det er forsking som rettar seg mot fordelar og utfordringar ved elevvideoar som læringsverktøy i framandspråksklasserommet over heile verda, men ikkje i samanheng med denne studien. Derfor tek denne studien sikte på å produsere ny forskingsbasert kunnskap om fordelane og utfordringane ved elevproduserte videoar i høve elevane sine oppfatningar, og å auke medvit bevisstheita om det normative rammeverket i Norge når ein arbeider med denne typen prosjekt. Dei didaktiske prinsippa som har informert dette prosjektet vil bli forklart, og elevane sine oppfatningar vil bli sidestilt med slike. Funna i denne studien tyder på at elevane oppfatta mange fordelar rundt det å lage videoar i framandspråk. Elevane oppfatta derimot også utfordringar. Lista over fordelar er lang og mangfaldig. Fordelar som elevane nemnde var at dette hjelpte dei med å: utfalde kreativiteten, betre uttalen, lære meir ordforråd samt å vere meir autonome og utfordre seg sjølve. Elevane opplevde video som ein inspirerande og givande måte å lære på, medan dei fekk variasjon og opplevde at det fremja både skriftlege og munnlege dugleikar. I tillegg tyder funn på at skriving for hand påverkar den kognitive prosessen som fører til læring positivt, så som litteratur rundt dette temaet peikar på. Denne studien fann at elevar med høgt prestasjonsnivå var dei som var mest autonome og mest aktive i å ta avgjerder når det gjaldt korleis dei skulle organisere arbeidet sitt og deira motivasjon var også sterkast. Vidare kom det fram at dei fleste valde å jobbe kvar for seg når dei ikkje blei fortalt korleis dei skulle gå fram. Dette hevda dei var mest behageleg for dei, på trass av at dei fleste av desse seinare gav uttrykk for at dei føretrekte å samarbeide med andre. Andre funn tyda på at elevane likte gruppearbeid mykje meir enn individuelt arbeid, og at det var ein samanheng mellom gruppearbeid, motivasjon og læringsresultat i høve elevane sine oppfatningar. Elevane gav også tilbakemelding om nokre utfordringar, til dømes om kor tidkrevjande den digitale teknologien kan vere, særskilt redigeringsdelen. Dessutan gav dei uttrykk for uro over tekniske problem, som til dømes at produktet deira skulle bli sletta. Nokre nemnde at video kan få ein til å kjenne seg utilpass. Andre igjen nemnde utfordringar ved at ikkje alle tek arbeidet på alvor i like stor grad. Dette er eit kort samandrag av oppfatningane som elevane har meldt tilbake om. Fleire opplysningar er å finne i studien.
dc.description.abstract
dc.language
dc.publisherNTNU
dc.titleA Phenomenological Study on Students' Perceptions of the Benefits and Challenges of Student-Created Videos
dc.typeMaster thesis


Files in this item

FilesSizeFormatView

This item appears in the following Collection(s)

Show simple item record