Vis enkel innførsel

dc.contributor.advisorHårstad, Stian
dc.contributor.authorDevik, Elise Myrhol
dc.date.accessioned2023-02-15T18:19:18Z
dc.date.available2023-02-15T18:19:18Z
dc.date.issued2022
dc.identifierno.ntnu:inspera:118880495:13304843
dc.identifier.urihttps://hdl.handle.net/11250/3051240
dc.descriptionFull text not available
dc.description.abstractDenne masteroppgåva undersøker korleis språkleg mangfald og fleirspråklegheit vert tematisert i oppgåveformuleringar i lærebøker i norskfaget på Vg1 etter læreplanverket for Kunnskapsløftet 2020. Undersøkinga tek føre seg korleis språkleg mangfald vert handtert som tema i oppgåveformuleringane, og i kva grad dette inkluderer samisk, nasjonale minoritetsspråk og nyare minoritetsspråk. I tillegg vert det undersøkt korleis oppgåveformuleringane legg til rette for inkludering og framheving av minoritetsspråklege elevar sin fleirspråklege kompetanse. Datamaterialet består oppgåveformuleringar frå utvalde språkkapitlar i dei fire basisbøkene Appell (2020), Moment (2020), Grip teksten (2020) og Intertekst (2020) for Vg1 studieførebuande. Den teoretiske og metodiske tilnærminga for analyse av desse er ei kritisk nærlesing, inspirert av kritisk diskursanalyse. Analysen viser at lærebøkene gjennomgåande legg stor vekt på norsk skriftspråk og talemålsvarietetar i tillegg til engelsk som utgangspunkt for samanlikning av språk. Samisk som tema vert stort sett lite presentert, og oppgåveformuleringane er generelt prega av å søkje etter reproduserande kunnskap og gjev mindre rom for refleksjon og djupnelæring enn andre tema i lærebøkene. Samtidig finn ein nokre oppgåver som gjer rom for at elevane kan drøfte samanhengen mellom språk, kultur og identitet med utgangspunkt i samisk. Med unntak av dei samiske språka har andre minoritetsspråk ei lita og uklar rolle i lærebøkene. På den andre sida er det tydeleg at fleire oppgåveformuleringar legg til rette for fleirspråkleg kompetanse gjennom opne formuleringar som gjer at elevane sjølve kan velje kva språk som skal takast i bruk for å løyse oppgåva. I tillegg finn ein nokre oppgåveformuleringar som har inkluderande omgrepsbruk som opnar opp for å inkludere morsmåla til elevar med norsk som andrespråk. Hovudfunna frå undersøkinga er at det er noko tematisering av språkleg mangfald og fleirspråklegheit, men at det truleg ikkje reflekterer det reelle mangfaldet som eksisterer i norske klasserom og samfunnet generelt. Desse funna viser behovet for auka medvit kring inkludering av desse temaa i lærebøkene.
dc.description.abstract
dc.languagenno
dc.publisherNTNU
dc.titleTematisering av språkleg mangfald og fleirspråklegheit
dc.typeMaster thesis


Tilhørende fil(er)

FilerStørrelseFormatVis

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel