Vis enkel innførsel

dc.contributor.advisorJones, Mari-Ana
dc.contributor.authorRøstbø, Sarah Marie
dc.date.accessioned2023-01-31T18:19:29Z
dc.date.available2023-01-31T18:19:29Z
dc.date.issued2022
dc.identifierno.ntnu:inspera:123837317:26779113
dc.identifier.urihttps://hdl.handle.net/11250/3047553
dc.description.abstractSamandrag Det er klare politiske forventningar til endringsprosessar i skulen knytt til fagfornyinga. Det er aukande krav og ytre press til rektor, mellom anna som leiar av det profesjonsfellesskapet. Rektorar opplev krysspresset mellom administrative oppgåver og arbeidet med pedagogisk utviklingarbeid som krevjande. Det er vanskeleg å endre undervisningspraksis til lærarane, det krev meir tid enn dei har. Denne studien ser på utfordringar rektor har i leiing av skuleutvikling. Gjennom eit sosialkonstruktivistisk perspektiv, vert det sett på kva som kan vera underliggjande faktorar som gjer leiing av skuleutvikling utfordrande for rektor. Intervju med tre rektorar vert analysert gjennom eit relasjonelt leiingsperspektiv, og gjev svar på problemstillinga Leiing av skuleutvikling, kva gjer det utfordrande? Studien kjem fram til fem forskingsfunn. For det fyrste at det er krevjande å legge til rette for opplegg som «treff» lærarane. For det andre er for lite tid, og god bruk av tid, ei utfordring. For det tredje kjenner rektor det som utfordrande å balansere både å lytte til lærarane, samstundes som arbeidet med skuleutvikling skal drivast framover. For det fjerde kjenner rektor seg forholdsvis åleine om å leie og drive skuleutvikling på skulen. Til slutt er det ei utfordring for rektor å innføra og gjennomføra ny læreplan. Dette er spesielt knytt til å forstå den sjølv, og vidare at den skal gje meining for profesjonsfellesskapet og den enkelte. Meiningsskaping vert identifisert som ein sentral faktor i forskingsfunna. Det vert sett på kvifor det er utfordrande å leie prosess med felles meiningsskaping. Vidare vert det sett på korleis situasjonen leiingsaktiviteten utspelar seg i påverkar leiing, og korleis det relasjonelle spelar inn i interaksjonen mellom leiar og medarbeidar. Her vert et sett på faktorar som posisjonering, forhandling og tillitsbygging som er med å påverkar interaksjonen, i tillegg til det den enkelte med seg av emosjonar, sansar og kjensler. Til slutt vert rektor si betyding som leiar av skuleutvikling diskutert, og forslag til korleis rektor kan møte utfordringar knytt til leiing av skuleutvikling. Studien kjem med eit bidrag i å sjå på det relasjonelle i leiing og i meiningsskaping, der fokuset ikkje er på leiarpersonen, men på leiingsaktiviteten som skjer i møte med heile menneske og situasjon.
dc.description.abstractAbstract There are clear political expectations regarding change processes in school connected to the updated curriculum. There are increased demands and external pressures on principals, as leaders of professional learning communities. Principals experience being in a squeeze between administrative tasks and school improvement work. It is difficult to change teachers’ practice, it demands more time than principals have available. This study looks at the challenges principals have in the leadership of school development. Using a social constructivist perspective, underlying factors which make leadership of school development difficult have been explored. Three principals have been interviewed and the data analysed through a relational leadership perspective, giving answers to the main research question: What makes leadership of school development difficult? The study presents five research findings. First, facilitating development work that “speaks to” the teachers is challenging. Second, there is too little time, and it is difficult to know how to use the time wisely. Third, the principals experience a challenge balancing listening to the teachers, and at the same time pushing the school development forward. Fourth, the principals feel somewhat alone leading school development. Finally, it is a challenge for the principal to introduce and carry out the new curriculum. This is especially connected to understanding it, and for it to be meaningful for the professional community and the individual teacher. Creating meaning is identified as an important factor of the research findings. Why is it difficult to create meaning within the professional learning community? Furthermore, the dynamic context of the leadership is considered, specifically how it affects the interaction between the principal and the teachers. Here positioning, negotiation and trust building are important, as well as emotions, senses, and feelings. Finally, the study proposes how the challenges of leading school development can be met. This study contributes with a relational perspective to leadership and a focus on creating meaning, where the focus is not the person leading, but the activity created in the meeting of humans within dynamic situations.
dc.language
dc.publisherNTNU
dc.titleLeiing av skuleutvikling. Utfordringar for rektor i leiingsaktiviteten. Ein intervjustudie av tre rektorar i grunnskulen.
dc.typeMaster thesis


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel