Tørk av tavla – no skal vi ha om grunnfremjing
Peer reviewed, Journal article
Published version
View/ Open
Date
2021Metadata
Show full item recordCollections
- Institutt for lærerutdanning [3404]
- Publikasjoner fra CRIStin - NTNU [37257]
Original version
NLT - Norsk lingvistisk tidsskrift. 2021, 39 (2), 223-253.Abstract
Konstruksjonar med grunnfremjing (eng. ground promotion) liknar verbpartikkelkonstruksjonar, men har ein grunn som er fremja i staden for ein figur, som er undertrykt. I dømet ta av bordet er grunnen bordet fremja medan figuren, dvs. det som låg på bordet før det vart tatt av, er undertrykt. Motsett er figuren bevart og grunnen undertrykt i ta av bestikket. Det siste dømet svarar til ein vanleg verb- partikkelkonstruksjon, som eg her omtalar som figurbevarande. Til skilnad frå figurbevaring er grunnfremjing lågfrekvent, og det er lite omtala i norsk tidlegare. I artikkelen syner eg at grunnfremjing først og fremst skjer ved transitive preposisjonar (på, av, i, til etc.); retningsorda opp, ned, ut og inn er helst brukt som figur- bevarande partiklar. Desse kan ikkje like lett fremje grunn, men kan derimot stå med uekte grunnar. Ein uekte grunn har ein leksikalsk semantikk som tilseier ei konseptuell grunn-tolking, men er strukturelt sett ein figur. Tørk av tavla – no skal vi ha om grunnfremjing