Coworking Space - Ein studie av coworking space som mekanisme i å auke mengd entreprenørskap og innovasjon i Noreg
Master thesis
Permanent lenke
http://hdl.handle.net/11250/301668Utgivelsesdato
2014Metadata
Vis full innførselSamlinger
- Institutt for geografi [1119]
Sammendrag
Denne masteroppgåva tek føre seg spørsmål kring ”coworking space” i norsk kontekst, og dets funksjon i å auke mengd innovasjon og entreprenørskap i norsk økonomi. Dette vert studert med utgangspunkt i entreprenøren som primær drivkraft i økonomisk utvikling, og staden som kontekst for økonomisk aktivitet. Studien tek føre seg fire spørsmål med hensikt å svare på den overordna problemstillinga: På kva måte kan ”coworking space” auke mengda innovasjon og entreprenørskap i Noreg?
Dei empiriske data som ligg til grunn for analysen er samla inn gjennom intervju av personar som har kjennskap til norske ”coworking space”, anten gjennom medlemsskap eller leiing av ”coworking space” eller via sine roller i verkemiddelapparatet. Følgjande institusjonar er representert i datamaterialet: 657 Oslo, Gründernes Hus, Mesh, SIVA, Innovasjon Noreg, Trondheimsregionen og Næringsetaten i Oslo. For å understøtte og belyse ulike aspekt ved empirien, er det så nytta eit breitt spekter av teori og føreliggande litteratur. Dette dreiar seg om teori kring entreprenørskap, innovasjon og kunnskap. Vidare er agglomerasjonsteori, stadsteori og teori om entreprenørskapskultur presentert, etterfulgt av litteratur og teori kring gründerteam, nettverk og entreprenørfellesskap. Det siste litterære bidraget i studien omfattar internasjonal litteratur om ”coworking space”.
Resultata frå analysen syner at ”coworking space” som møtestad for moderne entreprenørar kan bidra til å auke mengd innovasjon og entreprenørskap på fleire måtar. Først og fremst ved at det vert enklare å vere entreprenør i dagens samfunn. Menneske med ønskje om å dele kunnskap, idear og nettverk har ein stad å gå til for å inkorporere dette i arbeidskvardagen. Som ei forlenging av dette er det også mindre einsamt å halde på som entreprenør. Dernest har ”coworking space” innverknad på entreprenørskapskulturen på ein stad, gjennom synleggjering av entreprenørielle aktivitetar og ei ufarleggjering kring det å velje ein slik livsstil. Til sist har analysen synt at ”coworking space” kan tenkast å ha ein effekt på investormiljøet i Noreg. Dette som ein følgje av at innovasjons- og entreprenørskapsprosjekt kan synast å vere meir levedyktige ettersom eit ”coworking space” aukar ressursgrunnlaget for dei enkelte prosjekt. I tillegg vert innovasjons- og entreprenørskapsprosjekta i større grad synleggjort og sentralisert, noko som gjer det enklare for investormiljøet å nå fram til aktuelle investeringsprosjekt. Med utgangspunkt i dette kan det synast å vere ein verdi i å anerkjenne ”coworking space” som ein del av innovasjonsinfrastrukturen i Noreg.