Vis enkel innførsel

dc.contributor.advisorGrut, Gunnar
dc.contributor.authorStokke, Karoline
dc.date.accessioned2022-08-01T17:19:37Z
dc.date.available2022-08-01T17:19:37Z
dc.date.issued2022
dc.identifierno.ntnu:inspera:104865886:1861891
dc.identifier.urihttps://hdl.handle.net/11250/3009669
dc.description.abstractSamandrag Denne masteroppgåva handlar om korleis samfunnsfaglærarar underviser om terroren 22. juli 2011 på ungdomsskulen. Det eg ønska å finne ut var kva forteljing som blir fortalt om 22. juli i klasserommet, og dermed også om det er størst fokus på harmoni- eller konfliktperspektivet. Vidare ønska eg å finne ut kva læringsressursar som blir brukt, og kva erfaringar lærarar har med ressursane. Til slutt ville eg finne ut kva lærarar synest om at 22. juli har blitt ei obligatorisk hending å undervise om i samfunnsfag i grunnskulen. For å kunne svare på desse spørsmåla har eg intervjua ti samfunnsfaglærarar som jobbar på sju forskjellige ungdomsskular ulike stadar i Norge. Eg har i tillegg sett meg inn i læringsressursane lærarane har brukt, for å framstille desse på best mogeleg måte i oppgåva. Motivasjonen for denne masteroppgåva har heile tida vore å lære av andre lærarar sine erfaringar og refleksjonar knytt til eiga undervisning. Sidan alle lærarar no må undervise om 22. juli ønska eg å finne ut kva ungdomsskulelærarar legg vekt når dei underviser om terroren. Frå før finst lite forskning på 22. juli frå eit samfunnsfagleg perspektiv, noko som auka motivasjonen min i arbeidet med denne studien. Målet mitt har vore å samanfatte erfaringane til dei ti lærarane slik at denne masteroppgåva kan vere nyttig i andre lærarar sin lærarkvardag. I arbeid med denne studien fann eg ut at dei ti lærarane har mange ulike måtar å tilnærme seg tematikken rundt 22. juli-terroren. Det er veldig ulikt korleis dei har gjennomført undervisninga, og kor mykje tid dei har brukt på 22. juli. Spennet går frå å mest berre snakke om terroren når elevane trekker det fram, til å ha eit stort tverrfagleg opplegg som tek alle timane i tre fag i over ein månad. Det på trass av at alle vart rekrutterte på bakgrunn av at dei blant anna hadde undervist om 22. juli. Eit fellestrekk er at alle lærarane har snakka om ideologien til Breivik, og dei aller fleste har brukt filmatiseringar av terroren i undervisninga. Det er det konfliktorienterte perspektivet som først og fremst rådar i undervisninga om 22. juli, i motsetnad til i åra etter terroren då det harmoniorienterte perspektivet var i fokus (Anker & von der Lippe, 2015; 2016). Det verkar til at dette har ei viss samanheng med LK20. Alle lærarane fortel beredskapsforteljinga, og dei som har gått i djupna på 22. juli har i tillegg fått med fleire av dei andre forteljingane. Medviten bruk av fleire forteljingar kan utvikle elevane sitt historiemedvit. Lærarane har berre positive erfaringar med å undervise om 22. juli, og dei fleste opplever at elevane er mykje meir engasjerte når dei underviser om 22. juli samanlikna med andre historiske emner. Bruken av film og tidsvitneforteljingar utmerkar seg her sidan det gjer historia meir levande. Framstillingar av terroren i klasseromma har i stor grad fokus på hatet bak terroren og det grufulle i hendinga kjem tydeleg fram. Målet er at elevane skal lære av historia. Med utgangspunkt i det som har kome fram i denne studien meiner eg at det er nødvendig at 22. juli står eksplisitt i læreplanen. Både for at vi ikkje skal gløyme, men også fordi det handlar om tema som er minst like aktuelle 11 år etterpå. Ei læreplanfesting kan i tillegg gi støtte til fagleg og didaktisk utvikling, sidan det vil vere utfordrande å jobbe fram faglege opplegg for djupnelæring utan klar støtte i læreplanen
dc.description.abstractAbstract This master's thesis is about how social studies teachers teach about terror on July 22, 2011 in junior high school. I wanted to find out what narrative is being told about July 22 in the classroom, and thus also whether the greatest focus is on the harmony or conflict perspective. Furthermore, I wanted to find out what learning resources are used, and what experiences teachers have with the resources. Finally, I wanted to find out what teachers think about the fact that July 22 has become compulsory to teach in social studies in primary school. To be able to answer these questions, I have interviewed ten social studies teachers who work at seven different junior high schools in different cities in Norway. I have also looked into the learning resources the teachers have used, to present these in the best possible way in this assignment. The motivation for this master's thesis has always been to learn from other teachers' experiences and reflections related to their own teaching. Since all teachers now have to teach on July 22, I wanted to find out what junior high school teachers emphasize when they teach about terror. There is still little research on July 22 from a social science perspective, something which increased my motivation for working on this study. My goal is to summarize the experiences of the ten teachers so that this master's thesis can be useful in everyday teaching. In working on this study, I found that the ten teachers have many different ways of approaching the topic of the July 22 terror. It varies a lot how they have been teaching, and how much time they have spent on 22 July. The range goes from mostly just talking about terror when the students bring it up, to having a large interdisciplinary program that takes every hour in three subjects for over a month. This is despite the fact that everyone was recruited on the basis that they, among other things, had taught on 22 July. A common feature is that all teachers have talked about Breivik's ideology, and the vast majority have used film adaptations of terror in their teaching. It is the conflict-oriented perspective that first and foremost prevails in the teaching of 22 July, in contrast to the years just after the terror when the harmony-oriented perspective was in focus. This seems to have a certain connection with the LK20-curriculum. All the teachers tell the contingency story, and those who have gone into depth on 22 July have also included several of the other stories. Conscious use of multiple narratives can develop students' history consciousness. The teachers only have positive experiences with teaching on July 22, and most experience that the students are far more engaged when they teach on July 22 compared to other historical subjects. The use of film and eyewitness accounts excels here since it makes history more alive. Presentations of terror in the classroom largely focus on the hatred behind the terror and the horrors of the incident become clear. The goal is for students to learn from history. Based on what has emerged in this study, I believe that it is necessary that July 22 is explicitly stated in the curriculum. Both so that we do not forget, but also because it is about topics that are at least as relevant 11 years later. A curriculum development can also provide support for professional and didactic development, since it will be challenging to develop professional schemes for in-depth learning without clear support in the curriculum.
dc.languagenno
dc.publisherNTNU
dc.titleKatastrofe og kjensler
dc.typeMaster thesis


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel