dc.description.abstract | I denne artikkelen skal eg svare på problemstillinga “Korleis har undervisninga på teiknspråk i grunnopplæringa endra seg frå 1825 til 1997 i Noreg”. Eg har tatt i bruk ein kvalitativ analyse av tekst for å svare på denne problemstillinga. Døve menneske har alltid vert her og synet har endra seg. Døve gjekk frå å være ein straff frå gud, til galvanismens prøvekaninar til elevar på døveskulen. Eit felles teiknspråk basert på L`eppes franske metode vart danna og brukt i undervisninga. Denne metoden brukte ein på den fyrste døveskulen i Danmark, og i seinare tid i Noreg. Etter Milano kongressen gjekk ein over til Heinickes tyske metode med fokus på tale opplæring. Denne taleopplæringa prega læreplanane og undervisninga frå 1880 fram til 1997, og førte til at teiknspråk gjekk ut. Stigmaet rundt teiknspråket skinn også igjen i læreplanane med det auka fokuset på rett utale, mangel på tilpassing og segregering. Dette endra seg i 1997 da teiknspråk opplæring kom inn som eigen del i læreplanen, 172 år etter den fyrste døveskulen opna.
Nøkkelord: Tilpassing, teiknspråk, grunnskuleopplæring, stigma, læreplan | |