Vis enkel innførsel

dc.contributor.advisorde Boer, Luitzen
dc.contributor.advisorDreyer, Heidi Carin
dc.contributor.advisorVallandingham, Logan Reed
dc.contributor.authorBlaalid, Eline
dc.contributor.authorHeggli, Anna Pauline
dc.date.accessioned2021-09-14T17:07:41Z
dc.date.available2021-09-14T17:07:41Z
dc.date.issued2020
dc.identifierno.ntnu:inspera:58013544:58015874
dc.identifier.urihttps://hdl.handle.net/11250/2776955
dc.descriptionFull text not available
dc.description.abstractEffektiv planlegging og styring av pasientstraumar og sjukehusmateriell er kritisk for å auke ressursutnyttinga til sjukehuset og dessutan redusere kostnadar. Materialplanlegging på sjukehus er unik samanlikna med andre industriar, grunna ein kompleks variasjon av materiell, og det faktumet at utilgjenge av materiell kan få kritiske konsekvensar for pasienten. Helseplanlegging har dermed som mål å legge til rette for effektive logistikksystem som kan redusere kostnadar og samtidig sikre tilgjenge av sjukehusmateriell. Eit viktig betringstiltak i helsesektoren har vore utviklinga av pasientforløp, med mål om å betre behandlingskvaliteten, og samtidig optimalisere ressursbruken, gjennom å skildre dei ulike behandlingsstega og nødvendige ressursar for eit gitt forløp. Litteratur som tar for seg pasientforløp har for det meste fokusert på å betre medisinsk planlegging, det vil sei prosedyrane og planlegginga av pasientar og ressuarsar, utan å legge særleg vekt på forbindelsen til innkjøp og materialplanlegging. Derfor har denne avhandlinga analysert både medisinsk- og materialplanlegging på sjukehus, med mål om å utforske potensialet i å bruke pasientforløp til å betre avgjerslegrunnlaget for innkjøp og planlegging av sjukehusmateriell. For å kunne svare på problemstillinga i denne oppgåva, er det gjennomført ein casestudie ved eit norsk universitetssjukehus. Det blei nytta ei kvalitativ innsamling av data, der datainnsamlinga vart basert på semistrukturerte intervju og sekundære data. Totalt blei sju informantar med ulike stillingar tilknytta caseavdelinga intervjua. Studien har vore ei blanding av ein forklarande og utforskande casestudie, som har forsøkt å forklare og utforske korleis informasjon fra pasientforløp kan styrke samspelet mellom planlegging knytta til medisinske- og materialavgjersler. Ein litteraturstudie blei utført for å forstå karakteristikkane til medisinsk planlegging og materiellplanlegging ved sjukehus, med fokus på fem element; medisinsk planlegging, materialplanlegging, pasientforløp, ulike kategoriar av materiell og faktorar som kan påverke planleggingsavgjersler på sjukehus. Litteraturen avslørte at medisinsk planlegging og materialplanlegging vanlegvis er organisert som to separate siloar, som utfører planleggingsaktivitetar nærmast uavhengig av kvarandre. Når det gjeld planlegging av materiell, blei det oppdaga eit behov for å skilje mellom tre kategoriar av materiell når ein tek planleggingsavgjersler; forbruksmateriell, sterilt utstyr og dyrt materiell. Vidare blei det oppdaga i litteraturen at pasientforløp inneheld informasjon på ulike aggregeringsnivå, og at denne informasjonen kan brukast som input til medisinsk planlegging. Dessutan blei sju faktorar som påverkar planleggingsmiljøet; (1) sortiment, (2) ledetid og servicegrad, (3) pasientetterspørsel, (4) økonomi, (5) IT-system, (6) ressursar og (7) naturlege risikoar. Desse faktorane påverkar enten materialplanlegging, medisinsk planlegging eller samspelet mellom dei. Eit analytisk rammeverk blei utvikla for å samle desse fem elementa, og illustrerar samanhengen mellom aggregeringsnivåa i pasientforløp og medisinsk planlegging, materialkategoriar og materialplanlegging, samt faktorane sin påverknad på både medisinsk planlegging og materialplanlegging. Vidare viste rammeverket at medisinsk planlegging kunne fungere som input til avgjersler i materialplanlegging. Funn frå den empiriske studien belyste at informasjon frå pasientforløp ikkje berre er gunstig i medisinsk planlegging, men òg kan bidra til å betre avgjerdsler i materialplanlegging. Studien understrekte behovet for å betre informasjonsdeling, samt integrere IT-system for å auke avgjerslegrunnlaget for både medisinsk- og materialplanlegging. Eit revidert rammeverk blei utvikla for å inkorporere nokre av dei identifiserte moglegheitane, samt for å transformere pasientforløp frå ein inputkjelde til medisinsk planlegging, til å fungere som ein kontinuerleg prosess for avgjerdsler innanfor både medisinsk- og materialplanlegging. Det reviderte rammeverket illustrerar korleis informasjon frå pasientforløp kan opne opp for integrering mellom dei to planleggingsområda på både taktisk og offline-operasjonelt nivå. Rammeverket viser at pasientforløp kan brukast meir eksplisitt i avgjerdstaking, og med dette gje eit betre grunnlag for taktiske avgerdsler i case avdelinga. Avhandling belyser potensialet for å omstrukturere materialplanlegging på sjukehuset, ved å bruke informasjon frå pasientforløp for å bryte ned den tidligare silo-mentaliteten mellom avgjersler for medisinsk planlegging og materialplanlegging, og skifte mot ein horisontal planleggingsprosess. Den foreslåtte planleggingsprosessen er kompleks, ettersom den indikerar ei enorm endring og eit paradigmeskifte i korleis sjuekehus er strukturert, behova for tilstrekkelege IT-system, og generelt utfordre sjukehuset sine haldningar til materiallogistikk og innkjøps- prosessar. Denne studien bidrar til å utvide litteraturen både for pasientforløp og sjukehusmaterialplanlegging. Vidare har oppgåva avslørt ein mogeleg måte å nytte seg av pasientforløp i avgjersler om innkjøp og materialplanlegging, og derav introdusert eit nytt forskningsfelt som krever ytterligare verifisering og vidare forskning.
dc.description.abstractEfficient planning and management of patient flows and hospital materials play a critical role in increasing a hospital's resource utilization and reducing health care costs. Materials planning in hospitals is unique compared to other industries, due to the high variability and diversity of materials, and the fact that availability of materials is often a matter of life or death to the patient. Health care planning hence seeks to facilitate efficient hospital logistics systems that can reduce costs, while ensuring the availability of medical supplies. One significant health care improvement initiative has been the development of care pathways, that aims to improve the quality of care while optimizing the use of resources, through describing the care processes and required resources for a given pathway. However, care pathway literature has focused on improving medical planning, meaning the procedures and scheduling of patients and resources, and has not specifically explored the connection to purchasing and materials planning. Hence, this thesis has analyzed both medical and materials planning in hospitals, aiming to explore the potential of incorporating information obtained from care pathways to enrich purchasing and materials planning decisions in hospitals. In order to answer the problem statement of this thesis, a case study has been conducted in a Norwegian university hospital. A qualitative collection of data was used, where the data collection was based on semi-structured interviews and secondary data. In total, seven informants with different positions connected to the Orthopaedic Surgery Department at St. Olav's Hospital were interviewed. The study has been a mix of an explanatory and exploratory case study, seeking to explain and explore how care pathway information could strengthen the interplay between medical and materials planning decisions. A literature study was conducted to understand the characteristics of medical planning and hospital materials planning, focusing on five elements; medical planning, materials planning, care pathways, categories of materials, and factors that could influence planning decisions in hospitals. The literature revealed that medical planning and materials planning are usually organized as two separate silos, carrying out planning activities almost independently. For materials planning, it was discovered a need for differentiating between three categories of materials, disposables, sterile supplies, and expensive materials, when making planning decisions. Further, the literature study discovered that care pathways contain information at different levels of aggregation, and that this information could be used as input in medical planning. Moreover, seven factors that influence planning decisions were identified: (1) assortment, (2), lead time and service level, (3) patient demand, (4) financial, (5) IT-systems, (6) resources and (7) natural hazards. These factors either affect materials planning, medical planning, or the interplay between them. An analytical framework was developed to gather these five elements, and sought to illustrate the connection between care pathway levels and medical planning, categories of materials and materials planning, and the factors' influence on both medical planning and materials planning. Further, the framework suggested that medical planning could inform materials planning decisions. The empirical study showed that care pathway information is not only beneficial for medical planning, but could also facilitate materials planning decisions. The study emphasized the need for improving information sharing and integrating IT systems for providing a better decision basis for both medical and materials planning. A revised framework was developed, seeking to incorporate some of the identified opportunities, as well as transforming care pathways from a source of input to medical planning, to serve as a continuous process for both medical and materials planning decisions. The revised framework illustrates how care pathway information could improve the interplay between medical and materials planning, by integrating planning decisions at both tactical and offline-operational planning levels. The framework suggests that care pathways may be used more explicitly to initiate planning decisions and that the pathway information could be used to strengthen the decision basis for tactical planning at the case department. The thesis shed light on the potential to restructure hospital materials planning, by utilizing care pathway information to break the former silo mentality between medical and materials planning decisions, and shift towards a horizontal planning process. The proposed planning process is not straightforward as it indicates a massive change and paradigm shift it the way hospitals are structured, the required IT systems, and the way hospitals think about their materials logistics and purchasing processes. This study contributes to extending the literature on both care pathways and hospital materials planning. Further, this thesis has revealed one possible way of utilizing care pathways in purchasing and materials planning decisions, and hence introduced a new field of research that requires additional verification and further research.
dc.language
dc.publisherNTNU
dc.titleExploring the potential of utilizing care pathway information in hospital materials planning
dc.typeMaster thesis


Tilhørende fil(er)

FilerStørrelseFormatVis

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel