Terapeutisk allianse og endring i parterapi
Master thesis
Permanent lenke
http://hdl.handle.net/11250/271216Utgivelsesdato
2013Metadata
Vis full innførselSamlinger
- Institutt for psykologi [2883]
Sammendrag
Bakgrunn: Det er vist at der er ein samanheng mellom vanskar i parforholdet og sosiale, emosjonelle og helsemessige plager. Riktig hjelp for samlivsvanskar, kan redusere risikoen for utvikling av helseplager blant vaksne og born. Parsamtalar er ein terapeutisk setting som kan vere ekstra utfordrande for terapeuten når det gjeld å opprette og ivareta ein like god terapeutisk relasjon til begge partar i paret, samtidig som relasjonen mellom paret blir ivaretatt. Det er dokumentert at alliansen mellom klient og terapeut er den viktigaste faktoren i psykoterapi. Denne studien har sett på korleis par som fekk behandling ved fem familievernkontor opplevde alliansen med terapeuten, og kva den hadde å seie for rapportering av endring i problemoppleving.
Metode: Ti par (ti menn og ti kvinner) ved fem familievernkontor i Region Vest deltok i ei anonym spørreundersøking. Deltakarane rapporterte om alliansen til terapeuten etter første og tredje terapitime, med kortversjonen av ”Working Alliance Inventory” for par (WAI-Co). Endring i problemoppleving blei målt ved samme tidspunkt. Deltakarane blei på skjema spurt om å beskrive problemet dei kom for, samt å rangere på ein skala kor mykje problemet plaga dei på det tidspunktet dei blei spurt.
Resultat: Klientane rapporterte å ha ein god allianse til terapeut både etter første og tredje terapitime. Samla sett er det for menn og kvinner signifikant korrelasjon mellom terapeutisk allianse etter første terapitime og endring i problemoppleving. Ser ein kvinner og menn kvar for seg, er det for kvinner signifikant korrelasjon mellom rapportert teraputisk allianse etter 3. terapitime og endring i problemoppleving. For menn er der ikkje signifikant korrelasjon mellom terapeutisk allianse og endring.
Drøfting: Det har konsekvent blitt rapportert om ein positiv korrelasjon mellom allianse og utfall, på tvers av studiar. Resultata ved familievernkontora samsvarer med dette. Det blir drøfta om der er skilnad på å vere mann og kvinne i parterapi, og om måten ein etterspør endring/betring på har betydning for kva svar ein får.