”Eg fann meg sjølv i eit anna liv”: Eit kvalitativt studium av høgt utdanna flyktningar si oppleving av å vere i ein jobb som ikkje er i samsvar med sin formelle kompetanse og erfaring
Master thesis
Permanent lenke
http://hdl.handle.net/11250/269273Utgivelsesdato
2010Metadata
Vis full innførselSamlinger
Sammendrag
Dette studiet undersøker korleis høgt utdanna flyktningar opplever det å vere i ein jobb som ikkje er i samsvar med sin formelle kompetanse og erfaring. Undersøkinga baserar seg på ein kvalitativ metode, og det empiriske forskingsmaterialet er henta inn gjennom intervju av tre flyktningar.
Datamaterialet vart analysert gjennom den konstant komparative analysemåten, og kategoriane ”Ein meiningsfull jobb i heimlandet”, ”Å kome til Noreg – ein stor overgang” og ”Frå ønskje og håp til tilpassing” oppstod. Diskusjonen av resultata følgjer først desse kategoriane, der dei blir sett i samanheng med relevant teori. Heile datamaterialet blir deretter diskutert i lys av teorien om personar-i-relasjon (Kvalsund, 1998; Macmurray, 1961/1999).