Vis enkel innførsel

dc.contributor.advisorVik, Jostein
dc.contributor.authorGjerde, Andrea Trengereid
dc.date.accessioned2020-06-04T16:02:16Z
dc.date.available2020-06-04T16:02:16Z
dc.date.issued2020
dc.identifier.urihttps://hdl.handle.net/11250/2656706
dc.description.abstractIdear frå New Public Management (NPM) har i stor grad påverka offentleg sektor dei siste tiåra. Som ein svar på dei mange reformene og endringane har me sett ei utvikling i idear rundt offentleg styring som har leia til det ein kan kalle post-NPM-reformer. I den norske skulen gjorde NPM seg gjeldande gjennom reformer på slutten av 90-talet og i den siste stor endringa, Kunnskapsløftet i 2006. Frå hausten 2020 blir det innført nye læreplanar i skulen gjennom Fagfornyelsen, den største endringa i skulen sidan 2006. Denne studien ser nærare på korleis ideane i NPM og post-NPM er til stades og har utvikla seg i arbeidet med den nye læreplanen. New Public Management og overgangen til post-NPM, samt tidlegare studiar av korleis den norske skulen har utvikla seg, internasjonale reformtrendar i utdanning og erfaringar frå innføringa av Kunnskapsløftet dannar det teoretiske grunnlaget for analysen av den nye læreplanen. Gjennom ein idéanalyse av NOU 2015:8 og Meld. St. Nr. 28 (2015-2016), ser oppgåva nærare på om ideane som ligg til grunn for den nye læreplanreforma byggjer vidare på dei etablerte NPM-ideane, eller om sin kan sjå på denne reforma som ei post-NPM-reform. Ved å nytte idéanalyse og dokumentstudiar har denne oppgåva eit todelt siktemål. Først ser den nærare på kvifor det skjer ei reform i den norske skulen no og kva denne seier om endra behov og mål for samfunnet. For det andre undersøker den kva arbeidet med ny læreplan har å seie med tanke på post-NPM i norsk skule. Er denne reforma eit uttrykk for dei post-NPM-tankegangane me har sett i andre sektorar, og kva vil post-NPM seie for skulesektoren? Resultata viser at ein finn både NPM- og post-NPM-idear i arbeidet med den nye læreplanen. Medan mange av dei grunnleggjande NPM-ideane framleis er leiande for korleis ein vil styre den norske skulen, har ein også ei rekke tilnærmingar som skil seg frå førre reform. Overordna ser ein eit tydeleg fokus på koordinering, samarbeid og ei felles retting av skulen, i tråd med det ein har sett i ei rekke andre post-NPM-reformer. Den nye læreplanen markerer ei rekkje verdival for skulen. Vidare ser ein eit utvida fokus på rolla til læraren og skuleeigaren, samt behovet for autonomi og profesjonelt handlingsrom. Samla sett markerer ikkje den nye læreplanen eit markant skile frå førre reform, men siktar på å balansere, forbetre og utvikle dei eksisterande strukturane.
dc.description.abstractThe ideas of New Public Management (NPM) have greatly influenced the public sector over the last decades. As a response to the many reforms and their effects, we have seen a development in the ideas of public governance towards reforms being dubbed post-NPM. In the Norwegian school system, the ideas of NPM were an important factor in the reforms in the late 90´s as well as the last big reform, Kunnskapsløftet in 2006. In the fall of 2020, the implementation of a new national curriculum Fagfornyelsen marks the greatest change in Norwegian schools since these reforms. The theoretical foundation of this study consists of previous studies on NPM, post-NPM and educational reforms in Norway and internationally. An ideational analysis of White Paper 28 and Green Paper 2015:8 (NOU 2015:8) seeks to explain how several idea dimensions of NPM and post-NPM have formed the new national curriculum. This study has two main focuses. Firstly, it investigates why the reform is being implemented and what are the arguments for this change. Secondly, it takes a closer look at what post-NPM means for the educational sector and whether this reform could be considered a post-NPM reform. The results show that both NPM and post-NPM ideas are present in the documents and the development of the new curriculum. While some classic NPM ideas are still important in the management of Norwegian schools, we also see some approaches that contrasts the previous reform. In broad terms there is a new focus on coordination, collaboration and unifying that largely follows what we have seen in other post-NPM reforms. This new curriculum also marks some important value postures for the Norwegian school. Further we find an extended focus on the professional role and professional autonomy of teachers and school leaders. In sum we find that the implementation of Fagfornyelsen does not mark a clear diverge from the previous reform, however it seeks to re-balance, improve and develop existing structures.
dc.languagenno
dc.publisherNTNU
dc.titleNPM og post-NPM i norsk utdanningspolitikk – Ei idéanalyse av arbeidet med ny nasjonal læreplan
dc.typeMaster thesis


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel