Mellom politikk og kvardag: Eit fenomenologisk studie av ungdomsskulerådgjevaren sin kvardag
Master thesis
Permanent lenke
http://hdl.handle.net/11250/265199Utgivelsesdato
2011Metadata
Vis full innførselSamlinger
Sammendrag
Gjennom 50 års rådgjevingshistorie i Noreg har tematikken i debattane stort sett stått uendra. Kven skal vere rådgjevarar, kva kvalifikasjonar skal krevjast av dei, kor stor ressurs kan ein avsjå til slikt arbeid? Og korleis skal ein få heile skulen til å jobbe saman om oppgåvene innan rådgjevingstenesta? I denne oppgåva tek eg tempen på dagens svar på desse spørsmåla. Dette vil eg svare på gjennom ei kvalitativ, fenomenologisk studie. Informantane mine fortel om ein skule som har tatt eit langt steg lengre på vegen i å gjere rådgjeving til ei oppgåve som famnar heile skulen. Dei fortel om eit nytt fag, Utdanningsval, som gjev betre tid til refleksjon for elevane og som har betra rådgjevingstilbodet til mange av elevane og gjort dei tryggare på å ta val. Men dei fortel óg om elevar som framleis fell utanfor, og om vanskar med å gå frå si gamle tradisjonelle rådgjevarrolle til ei ny rolle som koordinator for eit rådgjevingsarbeid som skal famna heile skulen. No skal kontaktlærarane mykje meir inn i rådgjevingsarbeidet. Men medan det vert satsa på rådgjevarane med etter- og vidareutdanning, kanskje særskilt i den vidaregåande skulen, så har ein ikkje satsa på å lære opp kontaktlærarane inn mot den rolla dei skal ha i det nye faget.