Show simple item record

dc.contributor.authorWold, Ingrid
dc.date.accessioned2020-02-03T09:19:24Z
dc.date.available2020-02-03T09:19:24Z
dc.date.created2020-01-17T08:49:45Z
dc.date.issued2019
dc.identifier.citationMålbryting. 2019, 10 77-99.nb_NO
dc.identifier.issn1500-8576
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/11250/2639196
dc.description.abstractStatistikken slår fast at mange sluttar å bruke nynorsk som hovudmål etter grunn­skulen eller i løpet av vidaregåande. Dette gjeld spesielt i område der nynorsken tidlegare har stått sterkt, og no er under særleg press frå bok­­mål. Kvifor vel så mange bort nynorsk? Dette er språkval som blir gjort av mange ulike individ som ein del av ein større samanheng. Den tospråk­­lege situasjonen i Noreg der dei to språka ikkje har same status i praksis, er sentral i forståinga av denne trenden. Tidlegare har det berre vore gjort geografisk avgrensa enkeltstudiar av slike språkbortval ved skular, medan føremålet med denne artikkelen er å sjå systematisk på eit samla data­grunnlag og dermed kunne seie noko generelt om prosessen. Artikkelen bygger på data frå sju enkeltstudiar om språkval i rand­soner. Materialet inkluderer ei undersøking av nynorsk som hovudmål gjort i Hordaland, Telemark og Rogaland, ein studie frå Valdres i Oppland, og fem master­oppgåver med data frå skular i Hordaland, Møre og Romsdal og Agder. Gjennom ein kvantitativ metaanalyse og ein kvalitativ diskurs­­­analyse freistar eg å identifisere årsakene til at så mange byter til bokmål, og tilby ei forklaring på trenden. For å svare på dette er både grunngjev­ingane til informantane kartlagde og kvantifiserte, og utsegner i intervju og spørje­undersøkingar analyserte. Svært mange elevar i desse områda oppgir mangel på kompetanse som ein grunn til at dei byter til bok­mål. I tillegg ser det ut til at stigmatiserande haldningar til nynorsk, og at ny­norsk blir sett på som mindre viktig, er sentrale faktorar bak desse vala.nb_NO
dc.language.isonnonb_NO
dc.relation.urihttps://septentrio.uit.no/index.php/malbryting/article/view/4825
dc.rightsNavngivelse 4.0 Internasjonal*
dc.rights.urihttp://creativecommons.org/licenses/by/4.0/deed.no*
dc.titleKvifor ikkje nynorsk? Eit metaperspektiv på sju studiar om språkbortval i randsonernb_NO
dc.typeJournal articlenb_NO
dc.typePeer reviewednb_NO
dc.description.versionpublishedVersionnb_NO
dc.source.pagenumber77-99nb_NO
dc.source.volume10nb_NO
dc.source.journalMålbrytingnb_NO
dc.identifier.doi10.7557/17.4825
dc.identifier.cristin1775386
dc.description.localcodeOpphavsrett 2019 Ingrid Wold Creative Commons License Dette verket er lisensiert under Creative Commons Attribution 4.0 International License.nb_NO
cristin.unitcode194,62,60,0
cristin.unitnameInstitutt for språk og litteratur
cristin.ispublishedtrue
cristin.fulltextoriginal
cristin.qualitycode1


Files in this item

Thumbnail

This item appears in the following Collection(s)

Show simple item record

Navngivelse 4.0 Internasjonal
Except where otherwise noted, this item's license is described as Navngivelse 4.0 Internasjonal