dc.description.abstract | Denne masteroppgåva undersøkjer eit utval norsklærarar sine tankar om skjønnlitteraturundervisninga på ungdomsskulen. Meir konkret handlar det om forholdet mellom kva lærarane meiner er målet og føremålet med litteraturundervisninga i ungdomsskulen, korleis dei systematiserer, måler og vurderer utviklinga av litterær kompetanse over tre år, og i kva grad dei samarbeider om planlegginga av litteraturundervisninga. Datamaterialet mitt består av intervju av ni norsklærarar som jobbar ved same ungdomsskule. Deira tankar om litteraturundervisninga i ungdomsskulen har blitt samla inn ved hjelp av kvalitative djupneintervju. Det teoretiske fundamentet for oppgåva mi er Culler (2002), Rosenblatt (1995), Blau (2003), Torell (2002) og Steffensen (2005) sine teoriar om litterær kompetanse, samt profesjonsteori og det teoretiske grunnlaget for lesing i norskfaget, slik ein kan forstå det ut i frå LK06.
Hovudfunna i oppgåva er blant anna at norsklærarane meiner leseglede er det viktigaste elevane kan sitje igjen med etter å ha fullført litteraturundervisninga i ungdomsskulen. Dei legitimerer arbeidet med skjønnlitteratur ut i frå ein lesarorientert posisjon, men brukar kvardagsteoriar heller fagdidaktiske grunngjevingar når dei gjer greie for kvifor skjønnlitteratur bør ha ein plass i faget. Norsklærarane har ulike oppfatningar av korleis ein kan systematisere progresjonen i litterær kompetanse over tre år, men er samde om at utviklinga bør gå frå opplevingsbasert tilnærming til tekst, og over til meir analytisk og tolkingsbasert tekstarbeid. Det er ein generell tendens til at lærarane tykkjer det er vanskeleg å vurdere og måle fagleg progresjon i litterær kompetanse, og at elevens utvikling gjerne blir målt med utgangspunkt i bruk av fagterminologi. Undersøkinga mi syner at det er store variasjonar knytt til kva lærarane meiner målet og føremålet med litteraturundervisninga bør vere og korleis ein skal utvikle, måle og vurdere litterær kompetanse. Eg argumenterer for at dette må sjåast i samanheng med det profesjonsfaglege nettverket på skulen. | |