Spor av dei andre. Adressivitet i argumenterande elevtekstar
Doctoral thesis
Permanent lenke
http://hdl.handle.net/11250/2591401Utgivelsesdato
2018Metadata
Vis full innførselSamlinger
- Institutt for lærerutdanning [3404]
Sammendrag
Samandrag / summary:
Temaet for denne avhandlinga er argumenterande skriving i ulike skrivesituasjonar, og korleis tekstane viser spor av dei forventa lesarane på ulike måtar. Tekstane er henta frå elevar som går i første klasse på vidaregåande skule, studiespesialiserande studieretning, og er skrivne i faget samfunnsfag.
Den overordna problemstillinga er: Korleis kjem det adressive aspektet til uttrykk i ytringane til elevar (i vidaregåande skule) når dei skriv argumenterande tekstar i to ulike skrivesituasjonar? Det adressive aspektet handlar om kven ytringa er retta mot. Mikhail M. Bakhtin forklarar at alle ytringar – frå eitt-ords-ytringar i ein samtale til fleire band store romanverk – heng saman i komplekse kommunikasjonskjeder, der dei svarar på ytringar som har vorte ytra tidlegare, og er forma i forventning om seinare svar. Dette formar ytringane våre, og Bakhtin meiner difor at dei må studerast i den kommunikasjonssituasjonen dei er ytra i. Denne avhandlinga tematiserer korleis dei tenkte lesarane er med på å forma tekstane.
Avhandlinga er sett saman av tre vitskaplege artiklar og ei kappe. Funna frå artikkel 1 dreier seg om elevane sine refleksjonar kring val av skriftspråk. Kring halvparten av elevane, som har nynorsk som hovudmål, valde å skriva bokmål då dei skulle skriva i opne, digitale diskusjonsforum, og i artikkel 1 svarar elevane på om og i så fall korleis dei tenkte mottakarane er med på å påverka valet av skriftspråk.
Artikkel 2 handlar om korleis elevane posisjonerer seg i høve til dei tenkte mottakarane, og om tekstane opnar for andre synspunkt enn det skrivaren sjølv set fram. I tillegg blir skilnadene på skrivekulturane på skulen og på digitale diskusjonsforum diskutert.
Funna i artikkel 3 viser at elevane brukar andre typar argument når dei diskuterer i eit ope forum enn når dei skriv til læraren. Dette tydar på at den forventa lesaren er med på å forma teksten også på dette nivået.
Ein hovudkonklusjon i avhandlinga som heilskap er at omsynet til mottakaren påverkar tekstane i så stor grad at det fortener større merksemd i skriveforsking og -undervisning i framtida.
Består av
Paper 1: Myklebust, Hege. «Nynorsk er jo heilt konge då, men […]» Identitetshandlingar i argumenterande tekstar på vidaregåande skule. I: Nye røyster i nynorskforskinga. Det Norske Samlaget 2015 ISBN 9788252188455. s. 62-76. Not included due to copyright restrictions.Paper 2: Myklebust, Hege. Posisjonering og evaluering i argumenterande elevtekstar. Nordic Journal of Literacy Research 2017 ;Volum 3.(2) s. 1-17.
Paper 3: Myklebust, Hege; Høisæter, Sissel M.. Written argumentation - online and off : a study of addressivity in argumentative students texts. Acta Didactica Norge 2018 ;Volum 12.(3) s. 1-25. Not included due to copyright restrictions. Available at https://doi.org/10.5617/adno.4727