Show simple item record

dc.contributor.advisorUthus, Marit
dc.contributor.advisorFikse, Camilla
dc.contributor.authorReitan, Tove Remme
dc.date.accessioned2019-03-14T13:24:36Z
dc.date.available2019-03-14T13:24:36Z
dc.date.issued2018
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/11250/2590066
dc.description.abstractTemaet i denne studien er samanhengen mellom trivsel og motivasjon, og korleis desse faktorane er knytt til turnover. Målet med studien er å belyse korleis tidlegare rådgjevarar kom fram til bestemminga om å slutte. Håpet er å kunne gi eit bidrag til organisasjonar slik at ein meir målretta kan rette fokus mot reduksjon av turnover i framtida. Studien er gjennomført med følgjande problemstilling: Kva erfarer fire tidlegare HMS-rådgjevarar er samanheng mellom trivsel, motivasjon og turnover? Problemstillinga er undersøkt med ei empirinær tilnærming. Det er gjennomført semistrukturerte djupneintervju med fire tidlegare tilsette i bedriftshelsetenesta. Deira perspektiv på trivsel, motivasjon og turnover er drøfta ved bruk av Deci og Ryan (1985; 2000) sin teori om sjølvbestemming, indre og ytre motivasjon, Bandura (1977; 1982; 1993; 1999; 2000; 2001; 2006) sin teori om meistring og det å vere agent i eige liv, samt teori om verdiar av Wigfield og Eccles (1992). For å belyse opplevinga av dissonans er Festinger (1957) og Rosenberg (1977) sine teoriar brukt. I tillegg har eg presentert Spurkeland (2012) sitt omgrep relasjonskompetanse for å ytterlegare belyse funna i studien. Analysen av empirien og tolkinga mot teorigrunnlaget viser at relasjonane på arbeidsplassen har vore avgjerande for trivsel og motivasjon i arbeidet. Studien har synleggjort at desse relasjonane må skje på eit djupt menneskeleg plan for best mogleg effekt, og at gode relasjonar med kollegaer og leiarar kunne gitt ei auka oppleving av støtte, anerkjenning, medverknad og meistringskjensle. Stoltheit over arbeidsplassen og arbeidet ein utfører har gitt grunnlag for motivasjonen. Utvikling og bruk av eigen kompetanse har vore sentralt, og kunne bidratt til å auke kjensle av meistring og det å vere agent i arbeidet, noko som gir kjensle av indre motivasjon for dei tidlegare rådgivarane. Kollegaer og leiarar opplevast å vere viktige bidragsytarar i dette. Vidare framstår sentralt også deira erfaring av dissonans mellom eigne og organisasjonen sine verdiar i praksis, noko som har undertrykt motivasjonen og har bidratt til at dei har valt å slutte i jobben. Sist men ikkje minst er det beskrive ei oppleving av ein konkurransesituasjon som omhandlar økonomisk inntening, og at dette fokuset gjekk utover motivasjonen.nb_NO
dc.language.isonobnb_NO
dc.publisherNTNUnb_NO
dc.subjectMaster i organisasjon og ledelsenb_NO
dc.titleTurnover i bedrifthelsetenesta - i spennet mellom anerkjenning og verdiar, og fokus på målstyring og inntening - Kvalitativ studie om trivsel, motivasjon og turnovernb_NO
dc.typeMaster thesisnb_NO
dc.subject.nsiVDP::Samfunnsvitenskap: 200nb_NO
dc.description.localcodeMasteroppgaven vil ikke bli åpen tilgjengelig.nb_NO


Files in this item

Thumbnail

This item appears in the following Collection(s)

Show simple item record