Primærhelsetenesta sin fagkompetanse etter Samhandlingsreforma Ein kvalitativ studie av sjukepleiarar sine erfaringar
Master thesis
Åpne
Permanent lenke
http://hdl.handle.net/11250/2588326Utgivelsesdato
2018Metadata
Vis full innførselSamlinger
Sammendrag
Bakgrunn: Ein sentral del av Samhandlingsreforma har vore overføring av behandlingsansvar frå spesialisthelsetenesta til primærhelsetenesta. Dette gir sjukepleiarane i primærhelsetenesta nye faglege utfordringar i arbeidskvardagen.
Hensikt: Å undersøkje opplevinga av fagkompetanse hjå sjukepleiarar i primærhelsetenesta, ut frå deira utfordringar og krav som møter dei i arbeidskvardagen.
Metode: Tre fokusgruppeintervju med til saman 13 sjukepleiarar i frå primærhelsetenesta, i tre ulike kommunar.
Resultat: Sjukepleiarane i studien føler seg kompetente i arbeidet sitt, men har behov for å søke hjelp og oppdatering hjå andre ved nye utfordringar. Dei har mange nye utfordringar i arbeidskvardagen, men det er i liten grad tilrettelagt for fagleg oppdatering.
Konklusjon: Sjukepleiarane gir uttrykk for å ha tilstrekkeleg med kunnskap, og har ulike metodar for å skaffe seg kunnskapen dei treng i nye situasjonar. Sjukepleiarane ønskjer å auke den kollektive kompetansen, men føler at det er avgrensa med tid og ressursar til å gjennomføre det i praksis.