Pårørande til personar med demens
Bachelor thesis
Permanent lenke
http://hdl.handle.net/11250/2585933Utgivelsesdato
2018Metadata
Vis full innførselSamlinger
Sammendrag
BAKGRUNN: Det finst ca. 77 000 menneske i Noreg med demens, og om lag halvparten av desse bor heime. Dei fleste som bur heime får tilsyn og hjelp frå pårørande. Over 350 000 er nære pårørande til ein person med demens og demenssjukdomen påverkar dei pårørande i stor grad.
HENSIKT: Hensikta med studia var å finne ut kva erfaringar pårørande til personar med demens som bor heime har.
METODE: Det er ei systematisk litteraturstudie basert på 8 kvalitative forskingsartiklar.
RESULTAT: Pårørande har både negative og positive opplevingar i møte med helsevesenet. Dei har også ulike opplevingar av byrder og belastningar i kvardagen, og taklar desse på ulike måtar. Informasjon, støtte og kunnskap er nyttig for å takle demenssjukdomen og belastningane den medfører. Sjølv om det er mange negative opplevingar, finner dei det og meiningsfylt å ta vare på personen med demens heime.
KONKLUSJON: Resultata viser at pårøranderolla opplevast ulikt, og erfaringane vil variere ut i frå kva situasjon vedkomande er i. Nokon nytta seg av pårørandeskule, andre av avlastande tilbod som dagsenter og Inn på Tunet. Som sjukepleiar må ein sette seg inn i situasjonen til den enkelte og hjelpe dei med å takle den gjennom å gi god informasjon, støtte og rettleiing.