Idiomforståing hjå andrespråksinnlærarar av norsk - Ei kvantitativ studie
Master thesis
Permanent lenke
http://hdl.handle.net/11250/2563227Utgivelsesdato
2018Metadata
Vis full innførselSamlinger
Sammendrag
Ei kvantitativ undersøking av 47 vaksne andrespråksinnlærarar av norsk. Ei kontrollgruppe samansett av 46 morsmålsbrukarar av norsk tente som samanlikningsgrunnlag. Målet med undersøkinga var å finne ut i kva grad andrespråksinnlærarar av norsk forstår idiomatiske uttrykk i andrespråket deira, altså norsk. Deltakarane svara på eit spørjeskjema beståande av tjue spørsmål om idiom i en kontekst. Spørjeundersøkinga inneheldt òg spørsmål om informantane sin språklege bakgrunn: Snakka dei andre språk, kor lengje dei hadde opphalde seg i Noreg og kor lengje dei hadde studert norsk. Alle var i mellomtid på same nivå i norskinnlæringa. Det var tjuesju ulike førstespråk blant informantane, noko som gav stor variasjon av lingvistisk bakgrunn, men det var to større grupper med seks og åtte informantar med same førstespråk: Tysk og russisk. Mindre morsmålsgrupper hadde høgst tre deltakarar. Andre grupper som forma seg basert på morsmål hadde opp til tre språkbrukarar. Resultata synte at forståinga til informantane varierte både mellom dei ulike språkgruppene og innan kvar av dei større gruppene. Undersøkinga stadfesta hypotesane om at andrespråksinnlærarane i stor grad støtta seg til konteksten når dei skulle tolke idioma, og at idioma sin grad av transparentheit var avgjerande for kor godt informantane forstod uttrykka. Eit anna trekk som utpeika seg var den tydeleg skilnaden på resultata til dei fleirspråklege og eittspråklege informantane. Intralingvistisk samanlikning i dei større språkgruppene peika mot rolla som fleirspråklegheit når ein tileignar seg eit nytt språk. Samstundes tyder samanlikning av dei ulike språkgruppene på at avstanden – den kulturelle eller lingvistiske – mellom første- og andrespråket har ein del å seie for kor lett innlærarane tolka idioma i andrespråket rett.