Vis enkel innførsel

dc.contributor.advisorOlsen, Yngvarnb_NO
dc.contributor.advisorOlsen, Lassenb_NO
dc.contributor.authorSkrove, Talenb_NO
dc.date.accessioned2014-12-19T13:13:55Z
dc.date.available2014-12-19T13:13:55Z
dc.date.created2014-09-03nb_NO
dc.date.issued2014nb_NO
dc.identifier743315nb_NO
dc.identifierntnudaim:10105nb_NO
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/11250/245553
dc.description.abstractSamandragDet er knytt ei rekkje problem til oppdrettsnæringa, mellom dei ei otte i høve til eutrofiering i pelagisk sone som ei følgje av næringssaltutslepp frå oppdrettsanlegg. Langs Norskekysten manglar ein gode retningslinjer for korleis pelagisk sone skal overvakast og forvaltast, og det trengst difor mest mogleg kunnskap om ulike område og kva slags påverknad dei er under. Målet med denne oppgåva var å sjå om ein kunne finne effektar av næringssaltutslepp frå oppdrettsanlegg på næringssaltopptak og biomassekonsentrasjonar hjå fytoplankton, og om fordelinga på storleiksfraksjonar og fytoplanktonsamfunn kan skuldast desse utsleppa. Det vart òg undersøkt om ein enkel GIS-basert spreiingsmodell kunne nyttast til dette på ein formålstenleg måte.I sjøområda rundt Frøya, Hitra og i Hemnefjorden, som er område med høg tettleik av oppdrettsanlegg, vart det gjennomført fem tokt i løpet av 2013. Prøver vart analyserte for partikulært organisk nitrogen (PON), -fosfor (POP), og -karbon (POC) og klorofyll a (CHL a) i to storleiksfraksjonar (<10 µm og <200 µm). Det vart òg teke vassprøver for næringssalt (NO3, NH4, PO4 og Si), samt gjort ei pigmentanalyse (HPLC) av organismar <200 µm. Informasjon om fôrforbruket ved dei ulike oppdrettsanlegga vart nytta til å estimere utslepp av løyst uorganisk nitrogen (DIN) og fosfor (DIP) i ein masse balanse-modell, og saman med ein GIS-basert spreiingsmodell vart dette nytta til å estimere volumbaserte belastingsratar (VBR). PON:POP-forholda i sjøområda rundt Frøya, Hitra og i Hemnefjorden synte god tilgang på nitrogen med eit gjennomsnitt på 6,7 µg PON POP-1, men ingen klar samanheng mellom dette og høg VBR og ein kan difor ikkje seie om forholdet skuldast utslepp frå oppdrettsanlegg. Biomassekonsentrasjonane synte ingen teikn på at utslepp frå oppdrettsanlegg hadde negativ effekt på fytoplanktonsamfunna, med både klorofyll a- og PON-konsentrasjonar som indikerte god forfatning på samfunna, med verdiar på 0,4 1,7 CHL a µg L-1 og 20,1 32,5 PON µg L-1. VBR estimert 24 timar etter utslepp ved gjennomsnittleg straumsnøggleik på 10 cm sek-1 synte verdiar som var <13 % av naturleg belastingsrate, noko som kan vere innanfor årlege naturlege svingingar. CNP-forholda synte teikn på gode vekstvilkår med gjennomsnittleg høge delar av både nitrogen (0,164 µg PON POC-1) og fosfor (0,025 µg POP POC-1) i høve til karbon, utan at ein kan påvise at det er grunna utslepp frå oppdrettsanlegg. Gjennomsnittleg for områda var det ein større del av fytoplanktonet som var >10 µm i sumarmånadane enn elles i året, men det var ingen mønster mellom dette og VBR i dei ulike områda, og det var heller ikkje noko mønster mellom pigmentsamansetjing og VBR. Det vert gjort framlegg om å nytte større influensområde for å undersøkje dette grunna responstida til fytoplanktonet i høve tilgang på næringssalt. Enkle spreiingsmodellar viser seg som eit nyttig hjelpemiddel for å finne areal og volum som vert påverka av utslepp, og for estimering av VBR så lenge ein kan gruppere oppdrettsanlegg i nærleiken av kvarandre i einingar med relativt like tilhøve.nb_NO
dc.languagenobnb_NO
dc.publisherInstitutt for biologinb_NO
dc.titleEffekten av næringssaltutslepp frå oppdrettsanlegg på fytoplanktonsamfunn i Sør-Trøndelagnb_NO
dc.title.alternativeThe Effect of Nutrient Emissions from Fish Farms on Phytoplankton Communities in Sør-Trøndelagnb_NO
dc.typeMaster thesisnb_NO
dc.source.pagenumber58nb_NO
dc.contributor.departmentNorges teknisk-naturvitenskapelige universitet, Fakultet for naturvitenskap og teknologi, Institutt for biologinb_NO


Tilhørende fil(er)

Thumbnail
Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel