dc.description.abstract | Dette er ei masteroppgåve som søkjer å finne ut kvifor elevar vel å skifte hovudmål frå nynorsk til bokmål og når dette språkskiftet skjer. I oppgåva ser eg på individuelle val som språkbrukarane gjer og haldningane til språkbrukarane har til dei to offisielle målformene i Noreg, men eg ser òg på språkskifte i eit makroperspektiv og kva konsekvensar dette har for nynorsk som språk.
Eg har henta det empiriske materialet mitt frå semistrukturerte spørjeundersøkingar ved ein ungdomsskule i Haram kommune og ved to vidaregåande skular i Ålesund. I tillegg har eg gjennomført kvalitative forskingsintervju med to elevar som har skifta hovudmål frå nynorsk til bokmål, og to elevar som har skrive nynorsk i heile utdanningsløpet.
Det som kjem fram i undersøkingane støttar i stor grad opp om dei undersøkingane som har blitt gjort tidlegare av mellom anna Øvrelid (2014) og Idsøe (2016) og viser at Ålesund og Møre og Romsdal er område der nynorsk gradvis vert mindre brukt av elevar i utdanningssituasjonar. Elevane oppfattar nynorsk som markert og unaturleg, og sjølv om nynorsk ligg nærare dialekta til respondentane, vel elevane likevel å skifte hovudmål til bokmål. Språkskiftet frå nynorsk til bokmål er størst ved Ålesund videregående skole, der 65 % av elevane har skifta hovudmål. Majoriteten av desse elevane har skifta hovudmål før dei starta på vidaregåande utdanning.
Det eg har funne ut i denne oppgåva er at urbanisering og sentralisering påverkar språkvala til unge språkbrukarar. Ved overgang frå barneskule til ungdomsskule, eller frå ungdomsskule til vidaregåande, møter elevane ein stadiumovergang der dei må finne eit nytt grunnlag for sin eigen identitet og korleis dei skal fungere i eit nytt språksamfunn. Dei elevane som skiftar hovudmål frå nynorsk til bokmål gjer i hovudsak taktiske val, medan dei som alltid har skrive nynorsk, gjer dette av vane.
Undersøkinga viser òg at nynorsk står under press i dei vidaregåande skulane i Ålesund, og elevane har ikkje den naudsynte språklege sjølvtilliten, eller dei organisatoriske rammene, til å halde fram med nynorsk i møte med ein bokmålsmajoritet. | nb_NO |