Vurdering av ny kryssløysing - fv. 510 x fv. 44 i Jåttåvågen, Stavanger
Master thesis
Permanent lenke
http://hdl.handle.net/11250/2440383Utgivelsesdato
2016Metadata
Vis full innførselSamlinger
Sammendrag
Ekstrakt:
På Nord-Jæren i Rogaland er det vedtatt at det skal leggjast til rette for ein høgverdig, separat kollektivtrasé basert på konsept K3a Busway. På bakgrunn av dette er prosjektet Bussveien danna for å etablera dei vedtekne strekningane. Krysset fv. 510 Diagonalen x fv. 44 Boganesveien, på folkemunne kalla «Karusellen», er eit av kryssa på delstrekningen Stasjonsveien Gauselvågen.
Dagens kryss tek stor plass og ligg som ein barriere for mjuke trafikantar. Den kommunale vegen Jåttåvågveien kryssar under jernbanespora til Jærbanen og har to nivå opp til fv. 510 Diagonalen, noko som kan gjera det utfordrande å finna ein trasé for ein separat kollektivtrasé med akseptabel stigning gjennom krysset.
Denne rapporten tek for seg ei vurdering av ulike kryssløysingar, frå idéfase med skisser via siling av alternativ og til rangering av aktuelle alternativ. For å gi innsikt for arbeidet er dagens situasjon studert, og grunnlag, avgrensingar og mål er definert. Aktuelle alternativ er skissert i Novapoint for å ha kontroll på høgder, stigning og geometri, og modellert i SIDRA INTERSECTION for å analysera kryssa sin kapasitet, kølengde og køtid.
Rapporten endar opp med å anbefala alternativ 6.