Vis enkel innførsel

dc.contributor.advisorMæhlum, Britnb_NO
dc.contributor.authorHilmo, Jo Vegardnb_NO
dc.date.accessioned2014-12-19T13:07:51Z
dc.date.available2014-12-19T13:07:51Z
dc.date.created2012-05-07nb_NO
dc.date.issued2012nb_NO
dc.identifier525196nb_NO
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/11250/243775
dc.description.abstractI denne oppgåva kastar eg lys over språkforholda i eit tidlegare lite undersøkt område. Tydal kommune i Sør-Trøndelag kan, med sine 868 innbyggjarar, med rette kallast eit lite språksamfunn. Det empiriske grunnlaget for denne undersøkinga er 12 intervju med til saman 13 informantar, eit gruppeintervju med til saman 15 informantar, samt eit rikt lydmateriale med intervju av eldre tydalingar. Hovudmålsettinga har heile tida vori å skildre språksamfunnet Tydalen slik det står fram i dag, og vidare prøve å trekke inn faktorar eg meiner kan ha forklarande verdi på dei funna eg har gjort. Trass i dette overordna makroperspektivet finn eg det heilt på sin plass å rette eit nærare blikk mot dei som faktisk utgjer kjernen i det heile: språkbrukarane. Ved å sjå på både språklege realiseringar og språkoppfatningar blant eit utval tydalingar ser ein at samspelet mellom dei overordna samfunnsstrukturane og dei individuelle språkhandlingane er ein gjensidig prosess. Samfunnet påverkar altså språkbrukaren og språkbrukaren påverkar samfunnet. Gjennom ei kvantifisering av eit utval språklege variablar hos ti tydalingar ser ein at det er variasjon både på eit intra- og interindividuelt nivå. Til samanlikning med andre sørtrønderske lokalsamfunn, i dette tilfellet Oppdal, Røros og Selbu, ser ein likevel at den interindividuelle variasjonen er mindre i Tydalen. Det ser med andre ord ut til at endringstendensane ikkje er like framtredande som i dei tre litt større språksamfunna. Forklaringa på denne relative språklege stabiliteten er kompleks, men eg meiner å ha dekning for at både polarisering eller naboopposisjon og lokal gruppetilhørsle speler ein viktig rolle som stabiliserande faktorar på språksituasjonen. I tillegg har eg sett på og kva språklege strategiar den sørsamiske minoriteten i Tydalen handlar etter, både som fullverdige tydalingar og som etnisk minoritet. Det sørsamiske språket er truga, og mine sørsamiske informantar opplever det som vanskeleg å oppnå god dugleik i sørsamisk. Likevel ser det ut til at ungdommane er opptatt av å ta vare på språket ved at dei i større grad enn før tar i bruk sørsamiske leksem i det norske talemålet sitt, særleg i samband med reindrifta. Denne etnolektiske stilen er truleg viktig for å kompensere for den kritiske situasjonen sørsamisk språk er i. I møtet med resten av lokalsamfunnet har sørsamane som er busette i Tydalen derimot ein språkpraksis som ikkje avvik frå det lokale talemålet. Dei inngår i det tydalske språksamfunnet på lik line med andre tydalingar, men er samstundes del av det eg kallar eit rørossamisk praksisfellesskap, der det ofte er andre språklege normer som gjeld.nb_NO
dc.languagenornb_NO
dc.publisherNorges teknisk-naturvitenskapelige universitet, Det humanistiske fakultet, Institutt for nordistikk og litteraturvitenskapnb_NO
dc.titleSpråksamfunn i grenseland: Ein sosiolingvistisk studie av språk og språkoppfatningar i Tydalennb_NO
dc.typeMaster thesisnb_NO
dc.source.pagenumber122nb_NO
dc.contributor.departmentNorges teknisk-naturvitenskapelige universitet, Det humanistiske fakultet, Institutt for nordistikk og litteraturvitenskapnb_NO


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel