Vis enkel innførsel

dc.contributor.advisorNilsen, Randi Alicenb_NO
dc.contributor.authorKveen, Perlaug Marienb_NO
dc.date.accessioned2014-12-19T13:07:47Z
dc.date.available2014-12-19T13:07:47Z
dc.date.created2012-01-18nb_NO
dc.date.issued2011nb_NO
dc.identifier479594nb_NO
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/11250/243751
dc.description.abstractDenne avhandlinga er resultatet av ei undersøking av dialektprosodiske drag i målet i Lom, med vekt på tonale tilhøve. Målet i grannekommunen Skjåk vert òg handsama i delar av arbeidet. I arbeidet nyttar eg Trondheimsmodellen, som er ein modell for analyse av forma og funksjonen til intonasjon i norsk (sjå Nilsen 1992). Med føremålet i arbeidet nyttar eg den prosodiske representasjonen i modellen. Eg gjennomførte ei firedelt informantundersøking med 15 personar frå Lom og Skjåk for å hente inn munnlege data. Målet med dei to fyrste delundersøkingane, som eg har kalla einskildord-testen (deltest I) og ”det va..”-testen (deltest II), var å kartleggje tonelagsrealiseringa i dei nemnde områda, og sjå om det var nokon skilnad på korleis informantane intonerte testord i utbrytingssetninga det va __ du sa og i isolasjon. Beresetninga er henta frå ei undersøking av Fintoft og Mjaavatn (1980), der dei mellom anna framstilte grannemåla i Lom og Skjåk med heilt ulike tonelagskonturar. Resultata frå undersøkingane mine i deltest I og II syner at utbrytingssetninga det va __ du sa kunne føre til fleire ulike intonasjonsmønster på testorda, og såleis ikkje er eigna til å skildre tonelagsrealisering i lomsmål og skjåkmål. Isolert uttale av testorda gjev eit meir korrekt bilete av tonelagsrealiseringa i aksentfrasar med tonelag 1 og 2. Resultata frå deltest I syner at både lomsmål og skjåkmål har LH- og HLH-tonerørsle for aksentfrasar med høvesvis tonelag 1 og tonelag 2, som svarar til det typiske mønsteret i lågtonedialektar, mellom dei søraustnorsk og trøndersk. I arbeidet ser eg òg nærare på nokre prosodiske særdrag som er med på å skilje lomsmålet tonalt frå det øvrige lågtonedialektale området. I deltest III, utbrytingskonstruksjonar med kontekst, kom eg fram til at intonasjonsfenomenet forseinka fraseaksent er til stades i lomsmål etter fokalt aksentuerte testord, men fenomenet er truleg ikkje like gjennomført i dette målføret som i trøndersk. Vidare presenterer eg eit forslag til utviding av den prosodiske trestrukturen i Trondheimsmodellen med eit nytt nivå, moranivået, som gjer det mogleg å skildre ulike kvantitetstilhøve mellom normallange og stuttstava tostavingsord, samstundes som at båe må analyserast som tonelag 2-aksentfrasar. Til sist ser eg på fenomenet etterleddstrykk i lomsmål, som i stor grad ser ut til å fylgje eit sett med morfo-fonologiske vilkår. Ein del ord med nyare opphav får ikkje etterleddstrykk, trass i at vilkåra er til stades, og dette tyder på at fenomenet ikkje lenger er produktivt i lomsmål. Ut frå resultata i arbeidet mitt konkluderer eg med at både lomsmål og skjåkmål høyrer til det lågtonedialektale området, og at lomsmålet må karakteriserast som ein lågtonedialekt med prosodiske særdrag.nb_NO
dc.languagenornb_NO
dc.publisherNorges teknisk-naturvitenskapelige universitet, Det humanistiske fakultet, Institutt for nordistikk og litteraturvitenskapnb_NO
dc.title”Døkk har slikt rart tonefaill”: Om tonelag og andre prosodiske drag ved målet i Lom, med eit sideblikk til Skjåknb_NO
dc.typeMaster thesisnb_NO
dc.source.pagenumber109nb_NO
dc.contributor.departmentNorges teknisk-naturvitenskapelige universitet, Det humanistiske fakultet, Institutt for nordistikk og litteraturvitenskapnb_NO


Tilhørende fil(er)

Thumbnail
Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel