Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorBirkeland, Ingri Dymbenb_NO
dc.date.accessioned2014-12-19T12:31:25Z
dc.date.available2014-12-19T12:31:25Z
dc.date.created2011-05-26nb_NO
dc.date.issued2010nb_NO
dc.identifier419390nb_NO
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/11250/242150
dc.description.abstractI lys av den svært kalde og langvarige vinteren, fremja BKK forslag om ei masteroppgåve som skulle undersøkje funksjon av og datakvalitet frå fem nyoppretta hydrologiske målestasjonar. Hydrologisk datainnsamling på vinteren byr på mange utfordringar som aukar faren for tap av kvalitet og nøyaktigheit. Blant anna kan målestaden vere isoppstuva, det kan vere vanskeleg å finne ein profil som gjev eit korrekt bilete av den totale vassføringa og måleinstrument kan vere ømfintlege for ispartiklar og kulde. Isoppstuving kjem av at det dannar seg is på steinar og andre faste strukturar i elva. Dermed vert tverrprofilet innskrenka og vasstanden aukar. Når vassføring så vert generert frå ei vassføringskurve som er basert på målingar ved isfrie tilhøve, vil ein få eit overestimert bilete av vassføringa. Dette kan vere utslagsgjevande for fastsetjing av blant anna minstevassføring ved kraftutbygging. Arbeidsmetoden har omfatta feltturar gjennom vinteren med vassføringsmålingar og fotodokumentasjon. Dei innsamla data vart først gjennomarbeida i excel for ein grafisk kartlegging av mogelege isoppstuvingar. Deretter vart to stasjonar grundigare studert ved hjelp av ein ferdigkalibrert HBV-modell. Gode vêrdata, observasjonar frå staden og foto har vore nyttinge verkty i granskinga av vintervassføringane. Analyse av isoppstuving har vist at det har førekome ein eller fleire episodar ved alle stasjonane, men som regel av mindre målestokk og for ein kortare periode. Desse kan enkelt isreduserast grafisk. Driftsmessig har enkelte av stasjonane hatt problem med kontinuerleg drift i vinter, truleg som følgje av ein kombinasjon av langvarig kulde og instrumentsvikt. HBV-modelleringa viste både fordelar og ulemper med modellen. Den gav ein god indikasjon på isoppstuvingar, særleg når ein ser resultatet opp mot temperatur- og nedbørsdata. Diverre er modellen statisk når det gjeld ein del klimaparametrar, for eksempel grensetemperaturen for når nedbør fell som regn eller snø. Denne variabelen kan simuleringa vere svært sensitiv ovanfor, og den opptrer sjeldan som ein statisk verdi i naturen. Eit forsøk på å kartleggje dominerande feltparametrar for vinterlågvassføring på Vestlandet vart gjort med regresjonsanalyse. NVE-stasjonar med lange og stabile dataseriar vart nytta. Diverre gav regresjonslikninga ein mindre tilfredsstillande korrelasjon, og det er stor usikkerheit i overføringsverdien til andre felt enn dei som har inngått i analysen.nb_NO
dc.languagenornb_NO
dc.publisherNorges teknisk-naturvitenskapelige universitet, Fakultet for ingeniørvitenskap og teknologi, Institutt for vann- og miljøteknikknb_NO
dc.titleIsforhold og datakvalitet ved hydrologiske målestasjonarnb_NO
dc.typeMaster thesisnb_NO
dc.contributor.departmentNorges teknisk-naturvitenskapelige universitet, Fakultet for ingeniørvitenskap og teknologi, Institutt for vann- og miljøteknikknb_NO


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel