Partisippkongruens og formelle subjekt i herøydialekta : ein dialektsyntaktisk studie
Master thesis
Permanent lenke
http://hdl.handle.net/11250/2403290Utgivelsesdato
2016Metadata
Vis full innførselSamlinger
Sammendrag
Temaet for denne masteroppgåva er samsvarsbøying av perfektum partisipp i setningar med «det» og «der» som formelt subjekt. Fenomenet er undersøkt i passiv- og presenteringssetningar i herøydialekta på ytre søre Sunnmøre. Eg har tatt utgangspunkt i hypotesen om partisipp-kongruens, som seier at perfektum partisipp kongruerer med «det» når «det» er formelt subjekt, men med den postverbale DP-en når «der» er formelt subjekt. Ein konsekvens av hypotesen om partisippkongruens er at setningar som Det vart skote ei ku eller Der vart skota ei ku bør bli vurderte som heilt akseptable, medan setningar som *Det vart skota ei ku eller *Der vart skote ei ku bør bli vurderte som uakseptable av dialektbrukarane. For å undersøke om hypotesen om partisippkongruens stemmer med datamateriale frå herøydialekta, blei det brukt fem informantar frå Herøy, fordelt på ei yngre og ei eldre gruppe. Informantane rangerte over 70 testsetningar på ein skala frå 1 (heilt uakseptabel) til 5 (heilt akseptabel). Resultata viste at informantane kunne godta setningar som ikkje stemte med hypotesen, og den etablerte analysemodellen blei difor utfordra. Analysekapittelet i denne oppgåva drøfter korleis ein kan analysere resultata som ikkje stemmer med hypotesen om partisippkongruens, utan å gjere radikale endringar i den opphavelege analysemodellen.