Korleis kan sjukepleiar i skulehelsetenesta bidra til å førebyggja overvekt blant ungdomsskuleelevar (9. og 10. klasse)?
Bachelor thesis
Permanent lenke
http://hdl.handle.net/11250/142659Utgivelsesdato
2009Metadata
Vis full innførselSamlinger
Sammendrag
Denne oppgåva belyser emnet overvekt blant ungdomsskuleelevar i 9. og 10. klasse, og korleis ein sjukepleiar i skulehelsetenesta kan bidra til å førebyggja dette.
Dei overordna spørsmåla som har prega oppgåva er: Er overvekt eit problem? Er det nokre skilnadar før og no? Kva vert gjort for å førebyggja? Kven er med på førebygginga? Kvar finn ein sjukepleiaren i dette arbeidet? Me valde å kombinera fleire metodar. For å innhenta data har me brukt spørjeskjema, litteratursøk og empirisk undersøking. Desse metodane brukte me for å sikra tyngd i oppgåva vår ved å belysa ulike sider rundt temaet, samt få oppdatert kunnskap frå helsepersonell sine erfaringar på dette området.